Faktisk.no har undersøkt i kor stor grad russisk propaganda finn vegen inn i «alternative medium». Tittelen på saka er «Slik spres russisk propaganda i norske alternative medier». Media som er undersøkt, er Document, HRS, Resett og Steigan.no. 

Dei konkluderer med at det er «én aktør som skiller seg tydelig ut fra resten». Ikkje overraskande er dette Steigan.no. Kvifor peikar overskrifta på «alternative medium» dersom det er Steigan.no som «skiller seg tydelig ut»? 

Dette er påfallande, ikkje minst sidan to av dei «alternative media», Document.no og HRS.no, altså er frie for russisk propaganda. Den fjerde, Resett, har hatt ein del saker der ein finn russiskkontrollerte kjelder, men dei ligg likevel langt unna Steigan sitt nivå. 

Sidan Steigan peikar seg ut, kunne ein like gjerne skrive: «Slik spreier media på venstresida russisk propaganda». For Steigan er definitivt på norsk venstreside, om enn langt ute. Eg trur likevel ikkje at redaktøren i Klassekampen ville sett særleg pris på den vinklinga. 

Document likar heller ikkje faktisk.no si vinkling. Document har tidlegare enn mange andre åtvara mot Putins KGB-stat. I dag er det mange som meiner at om ikkje Vesten hadde vore så naive og blinde, ville vi kanskje ikkje fått krigen. 

Redaktør Rustad og andre i Document har hatt ei rekkje harde oppgjer med KGB-staten frå tidleg på 2000-talet, sjå til dømes her, her, her, her, her og her. Artiklane inneheldt ofte også kritikk av politikarar som Jonas Gahr Støre og Børge Brende, og deira haldning til samarbeid med Russland, eller norsk industri med sine økonomiske interesser i Russland. 

Den eine artikkelen i Document frå 2021 der faktisk.no fann spor av Kremlins interesser, var ein gjesteartikkel om Midtausten der ein av mange kjelder var «Strategic Culture Foundation», som har band til russisk etterretning (avsnitt fem). Dette var ein glipp. Slikt kan skje. Les ein kva skribenten Michal Rachel Suissa elles skriv, ser ein at ho ikkje er ein putinist, for å seie det forsiktig. 

Det er ingen tvil om kva Suissa meiner om russisk propaganda. Sist veke hadde ho ein brennande harm artikkel i Document om korleis russisk propaganda har påverka oss i lang tid, med spesiell brodd mot Steigan.no. Dette kallar vi kontekst. Journalistar bruker bry seg om slikt, særleg dersom tema er meint å vere «russisk propaganda i norske alternative medium».

Når Steigan har store mengder prorussiske kjelder, og HRS og Document har ingen, med unntak av den eine, så gir altså kategorien «alternative medium» inga meining. Grunnen til at Steigan opnar spaltene sine for FSB, er jo ikkje fordi han er «alternativ», men fordi han er leninist. 

Ein må gjerne undersøkje kor mykje russisk propaganda ein finn i alternative medium. Men då må ein referere funnet rett. Og det faktisk.no fann ut, var dette: Alternative medium deler seg tydeleg i to tydelege leirar. 

Det er ikkje ein gong snakk om å «skille seg ut». Dersom du skriv ein artikkel om kor mange pengar Per og Ola har, og Per har 100.000 medan Ola har ingen, vil ein då skrive at Per «skiller seg ut»? Jo jo. 

Tenk om faktisk.no ikkje berre undersøkte Steigan.no, men også Aftenposten.no og VG.no. Hos Steigan.no finn dei så dei 169 russiskvennlege kjeldene. Truleg ville dei i Aftenposten og VG finne like lite som dei fann i Document.no og HRS.no. Trur nokon at faktisk.no då ville skrive: «Slik spres russisk propaganda i norske medier», men «Steigan.no skiller seg ut»? 

Kva kan forklare faktisk.no sin monomane kamp mot alternative medium? La oss vere litt kjeldekritiske: Bak faktisk.no står det mektige Medie-Norge – med VG, Dagbladet, NRK, TV 2, Polaris Media og Amedia. Det seier sitt. Det er ikkje rart at dei likar alternative medium dårleg. Vi konkurrerer om lesarar, om inntekter og om å sette agenda. 

Kan det vere at eigarane av faktisk.no ser seg tent med å klistre alle «alternative medium» til russisk propaganda? VG har no ei sak om undersøkinga på sine sider, og då sjølvsagt med den same tittelen om «alternative medier». I dagane som kjem vil vi vandre rundt i norske aviser og på sosiale medium. Det er tittelen folk les. Er ikkje dette også litt propaganda-aktig?

Document åtvara mot KGB-staten i dei åra det var viktig. No er det litt seint. Men det er bra at dei fleste no ser korleis Putin trugar eit ope og fritt samfunn heime og ute. Propagandakrigen er dessutan alvorleg, og all ære til dei som avdekkjer dette, men det er i dei tidene det er upopulært og «stille» at ein treng alternativ journalistikk. Hugs det. 

Anders Ulstein 

Ålesund

(Ulstein er styremedlem i Document AS).

 

 

Kjøp Alf R. Jacobsens politiske bombe «Stalins svøpe: KGB, AP og kommunismens medløpere» her!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.