Statuen av Christopher Columbus fikk hodet avhugget i Boston, Massachusetts, U.S., June 10, 2020. REUTERS/Brian Snyder/NTB

Skal dei demokratiske samfunna her i vest og nord gå av sporet, samtidig som totalitære diktatur i sør og aust kan sitja stille og gni seg i nevane over dei problema som no tårnar seg i våre frie samfunn?

Politivald i amerikanske byar utløyser spetakkel og «a world wide flood of protests» mot det etablerte samfunnet, der interessegrupper ser snitt til å fremja sine formål. Kamp mot rasisme er utgangspunktet – ikkje berre mot strukturell vald og menneskeundertrykking – men mot ulikskap av alt slag: mot mannsvelde, mot kolonivelde, mot kapitalmakt, mot militærmakt, mot hudmakt, mot konsentrert eigedomsrett, osv.

Ja, flokkar av glødande aktivistar ønskjer seg eit GENERALOPPGJER mot det og den og dei som flokkane sjølv ikkje likar. No er det sjølvaste HISTORIA som skal takast! I beste Stalin-stil (jf. Mao, Pol Pot, Taliban) skal historia skrivast om til å passe inn med dagens politiske melodi. Bøker skal skrivast om, klassiske filmar skal redigerast, språket skal lukast for «krenkande» ord, barnesongar skal endrast. Moralbegrep skal snuast opp ned. «Ja, vi elsker» lever no farleg. Om ti år, flagget som framleis har den kristne krossen i seg…

Men «oppgjeret» er like selektivt som før. Columbus har fått kappa hovudet av seg, Churchill sin innsats skal vrakast, men Y-blokka med kunstverk av Picasso skal få stå, trass i hans kvinnesyn. Statuar av karar som var særleg glad i damer, bør bort, til dømes Kong Christian 4. og vår nasjonalhelt, Kong Glad, Hjallis.

Slaveriet er me alle imot, men det hindrar ikkje handel med arabiske land. Vald, drap og massemord er me bestemt imot, men salet av T-skjorter med Che Guevara nemner ingen. I dragkampen mellom det tyranniske Kina og den frie verda, er mange av våre media på Kina si side.

Eg har eit ønskje no ved slutten av stortingssesjonen: Vår aktive statsminister Erna burde halde ein tale med perspektiv på den historisk ville ferd som er i gang. Bruk gjerne milde og mjuke, men likevel bestemte formaningar. No er det mange som treng det!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.