Ein reknar totalt med at om lag 135 islamistar vart rekrutterte i Berlin og deretter drog til Syria og dei omliggjande krigssonene for å støtte den Islamske Staten (IS) sine terrorgrupper.

Ifølgje Berlin sin utanrikssenator, Torsten Akmann (SPD), var rundt 75 prosent av desse menn, derav i underkant av ti tenåringar. Orda fall i dag (onsdag) under eit møte i «Komiteen for vern av grunnlova» i Representantane sitt hus.

Han heldt fram: «Tilgjengeleg informasjon tyder på at om lag 20 av desse vart drepne i kamp, 65 av dei øvrige har hittil returnert til Berlin. Nokre av desse har kamperfaring.»

1050 islamistar frå Tyskland totalt
Akmann fortel at ein reknar med at 1.050 islamistar frå Tyskland oppsøkte og kjempa for IS i Tyrkia, Syria eller Irak.
«Det kan ikkje utelukkast at ein del av dei som har vendt tilbake framleis er ideologisk tilknytta den islamistiske ideologien, eller planlegg terroråtak på tysk jord.»

«Strukturert returleiing»
I Berlin skal det sørgjast for ein såkalla «strukturert handsaming av dei returnerte». I dette inngår straffeforfølgjing, observasjon/overvaking, avradikalisering og forebyggjing – i tillegg til at omsorg for born og familiemedlemer vert vektlagt og utført – med mål om ein «mogleg integrasjon».
Akmann strekar under at både utanlandske og tyske hemmelege tenester samarbeider tett om saka.
«Informasjonsflyten er optimal», hevdar han, «og er av sentral verdi». Vidare heiter det: «Også mellom politiet og oss i styresmaktene, er samarbeidet tett – både på lokalt og føderalt plan. Forbundsstatane er sjølvsagt avhengige av at tilgjengeleg informasjon frå oss når fram så raskt som mogleg.»

Rekrutteringa pr i dag er tilnærma lik null
Status pr 2020, er at nesten ingen islamistar på tysk jord lar seg rekruttere av IS eller liknande terrororganisasjonar. Dette i høve leiaren for «Komiteen for vern av grunnlova», Michael Fischer. «Likevel er det uhyre viktig å drive konstant forebyggjing og avradikalisering av moglege terroristar in spe. Dette arbeidet vert gjennom eit nettverk utført på fleire plan, både statlege og ikkje-statlege etatar er involverte,» fortel han.

Ingen generell risiko
Thomas Mücke, representant for den «ekstremistpreventive» foreninga VPN (Violence Prevention Network), strekar under at heimvende islamistar ikkje bør reknast som ein generell risiko. «Særleg desillusjonerte og frivilleg heimvende terroristar kan bli godt integrerte igjen (med dette meinast terroristar som gav opp undervegs). Dette kan dog vere noko vanskelegare med dei som først returnerte som følgje av IS sitt nederlag,» avsluttar Mücke.

Kjelde:
Berliner Morgenpost –
https://www.morgenpost.de/berlin/article228402247/IS-Rueckkehrer-Thema-im-Verfassungsschutz-Ausschuss.html

 

 

 

Kjøp «Den islamske fascismen» av Hamed Abdel-Samad fra Document Forlag her.

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.