Nytt

I april i år vart politistatistikken i Tyskland presentert og publisert – og MSM-oppslaga var løfterike: Det var ein klar nedgang i antal kriminelle brot begått av innvandrar.

Avisa Wochenblick (WB) kan imidlertid i dag avsløre at sanninga er heilt annleis.

Bundeskriminalamt (BKA) sitt situasjonsbilete syner nemleg ein betydeleg oppgang frå 2017. Dette året vart 39.096 etniske tyskarar råka av valdskriminalitet frå innvandrarar – medan tala for 2018 syner 46.336, ein oppgang på om lag 15%. Det totale talet utført kriminalitet av innvandrarar (2018), var heile 101.956.

Sanninga vert skjult
Dei ordinære MSM-media, hevda i samband med politistatistikken som altså vart publisert i april i år, at vald mot utlendingar og forfølgjinga av jødiske borgarar hadde auke dramatisk, men at kriminalitet generelt hadde gått ned.

No seier imidlertid fleire objektive observatørar at dette er å rekne som nok ei «stor, statistisk løgn».  Og BKA sin publiserte situasjonsrapport stadfestar dette i klartekst.

I følgje tala som er publisert der, er antal mord på tyskarar i 2018 (begått av innvandrargrupper) auka dramatisk, med svimlande 105% samanlikna med 2017.

Valdtektene utført av utlendingar klatra til eit solekart rekordnivå – 13.377 tilfeller, og tung vald medførande alvorlege skadar (på etniske tyskarar) steig til horrible 55.359.

Tala er ufattelege. Og må altså skjulast i «kreativ» statistikk.

Dei «omvende» tala
Derimot syner BKA sin rapport at vald utført av etniske tyskarar mot innvandrarar, har hendt i 8.455 tilfelle. I alt vart 47.042 åtak utført mot innvandarar, men med unntak av dei 8.455, var åtaka utført av andre innvandrarar.

Tilsvarande manipulert av MSM (som følgje av politirapporten) er påstanden om at det har vore eit aukande antal åtak mot jødar – utført av etniske tyskarar. I følgje WB, skuldast dette at kriminalitet utført mot israelske borgarar i Tyskland, som IKKJE kunne identifiserast – automatisk vart tildelt etnisk tyske delinkventar. Sjølv om det ikkje var grunnlag for dette i det heile.

I fengsla finn ein sanninga
Løgnene frå MSM held fram. Det vert ikkje berre hevda den innvandringsutførte kriminaliteten går ned, dette vert også «prova», ved hjelp av fiktive tal på innsette i tyske fengsler.

Sidan 2015 har andelen utlendingar i det tyske straffesystemet i Hamburg åleine, auka til dagens 61 prosent av alle fangar. I Berlin er andelen fengsla utlendingar 51 prosent, i Baden-Württemberg 48, i Bayern 45 og i Hessen 44 prosent.

Og i desse tala er ikkje alle utlendingane som har kjøpt tysk statsborgarskap inkludert.

 

Kjøp T-skjorten «for en bilfri & varmere by» her

Kjøp T-skjorten «gul vest» her

Kjøp T-skjorten «gul vest» her