Nytt


migranter-tyskland

Ein av fire i Tyskland (25,5 %) har utanlandske røter. Dette kjem fram i ein rapport «Statistische Bundesamt» presenterte onsdag i denne veka. Prosentsatsen tilsvarar 20,8 millionar personar; og utgjer i følgje fjorårstalet ei stigning på 2,5 prosentpoeng.

52 prosent av dei 20,8 millionane har tysk pass, dei resterande er «Utlendingar» («Ausländer»), som «Kronen Zeitung» vel å kalle dei.

Nytt høgdepunkt
Med denne oppteljinga har Tyskland nådd eit nytt toppunkt i antal personar med migrasjonsbakgrunn. Til «migrantstatusen» gjeld personar som enten sjølv ikkje har tysk statsborgarskap, eller der minst ein av foreldra ikkje vart fødde med dette.

Om lag 13,5 millionar menneske er ikkje fødde i Tyskland, men har innvandra dit i løpet av livet. Som det viktigaste punktet for migrasjon, fortel statistikken at 48 % har med familiære årsaker å gjere; 19 % er arbeidssøkjande personar. For 15 % av innvandrarane, var flukt og asyl dei viktigaste motiva. Fem prosent oppgav at dei hadde flytta til Tyskland for å studere og/eller ta utdanning.

Av dei 48 prosenta som kom til Tyskland av familiære årsaker, var 72 prosent europeiske. I gruppa som flytta dit av omsyn til arbeid, utgjorde europearar heile 85 prosent av antalet.
Flyktningar og asylsøkjarar kom i hovudsak frå Midt-Austen (47 %), medan tala for dei som valde Tyskland på grunn av studier, var 40 % europeiske og 38 % asiatiske.

Demografi i dramatisk endring
I fleire tyske byar er no etniske tyskarar i mindretal. Frankfurt am Main vart den første byen som fekk denne statusen; i 2017. I Offenbach er det berre 37 % av innbyggjarane som er etniske tyskarar.

Stadig stigande antal migrantar
Ser ein derimot spesifikt på antal migrantar i alderen 0-18 år, er tala mildt tala oppsiktsvekkjande. I Stuttgart, til dømes, ligg antal innvandrarar generelt på 44,1 %, men av ungdomar opp til 18 år, er talet heile 60 %. Denne utviklinga kjem av at det i muslimske familier vert fødde langt fleire born – samt at såkalla einslege asylsøkjarar først har fått statsborgarskap, dernest også innvilga familieforeining.

I tillegg flyttar mange tyskarar frå landet. I 2017 åleine, forlet nesten ein kvart million personar landet.

Kor mange av desse som er etniske tyskarar, framgår imidlertid ikkje.

 

Bestill Douglas Murrays bok «Europas underlige død» fra Document Forlag her!