Sakset/Fra hofta

Sanninga er ubehageleg for den tyske venstresida. Då er godt at dei kan gripe til (ulovleg) boikott for å hindre folk i å lese korleis skarpskodde økonomar riv løgnene deira frå kvarandre. Foto: 1984.com

Økonomiprofessor Max Otte ser svært mørkt på Tyskland si framtid. «Politisk inkompetanse knuser økonomien. Merkel har med sin halslause migrasjonspolitikk utført den aller størst tenkelege skaden. Framtida vert bitter». Men venstresida freistar å boikotte så vel boka som forfattaren.

For ein knapp månads tid sidan utkom boka «Weltsystemcrash – Krisen, Unruhen und die Geburt einer neuen Weltordnung». Den første veka etter lanseringa, fauk den rett inn på samtlege bestseljarlister i Tyskland – og tok venstresida fullstendig på senga.

Dei rista imidlertid raskt somnen av seg, og gjekk til koordinert og samla aksjon mot Otte si bok. Og som i kjølvatnet av andre Spiegel-bestseljarar – «Kontrollverlust» og «Die Destabilisierung Deutschlands», var målet no å få flest mogleg bokhandlarar med på ein boikott av «Weltsystemcrash…».

Vi minnest her vår ekslandsmoder sine ord: «Vi er i ferd med å miste kontroll over hva folk blir fortalt.»
Dermed var boka brått ikkje lenger å finne hjå eit stadig aukande antal bokhandlarar i Tyskland.

I boka skriv økonomiprofessoren utførleg og grundig om utviklinga av verdsøkonomien – og om konsekvensane av denne. (Merk: boka er likevel lettlesen – ein prestasjon i seg sjølv!)

I høve lanseringa for ein knapp månad sidan, skreiv Henning Lindhoff følgjande bokmelding:

Då Max Otte i 2006 utgav bestseljaren «Der Chrash kommt» (nær på ein halv million selde bøker), var han ein av dei ytterst få som forutsåg den føreståande finanskrisa (oktober 2008). Heller ikkje i si nye bok, «Weltsystemcrash…», held han noko tilbake: «Den globale gjelda har auka til det høgste nivået gjennom alle tider; dette skuldast i første rekkje ulike «bank- og euro-redningsaksjonar», USA sin tilbakegong, kombinert med Kina sin framvekst og Europa sin stigande impotens, og kan ha fatale følgjer for oss alle. Aukande overvaking, ei ny epoke med populisme, fake news og ein migrasjonspolitikk utan styring har splitta dei vestlege demokratia. Max Otte syner korleis desse «puslespelbrikkane» føyer seg saman, og korleis kvar enkelt av oss kan takle denne heilt nye verdsordninga. Og han avsluttar også i denne boka som han gjorde for tretten år sidan, med ei åtvaring: «Det er viktigare enn nokon sinne å ta førehaldsreglar – før det er for seint.» (Max-Otte.de)

Først bestseljar, deretter boikott
Under overskrifta «Ytringsfridom var i går» (med stikktittel: «Korleis venstreideologiske bokhandlarar på nytt påvirkar bestseljerlistene i Tyskland»), gir Oliver Flesch oss (i «1984-Magazin») ein grundig gjennomgang både om Otte sjølv og om bøkene hans. Otte vert her skildra som «den mest prominente og vellukka» økonomiprofessoren i Merkel-Tyskland; orda hans bør såleis ha ei særskild politisk tyngde.

Med bøker som «Der Crash kommt» (2006), «Der Informationscrash…» (2009) og «Stoppt das Euro-Desaster» (2011), vann Max Otte seg breitt og høgt anerkjent ry som sjølvaste «Crash-Profeten», eller «Børsprofessoren».

Han var i desse åra ein hyppig og velkomen gjest i samtlege nyheitskanalar i Tyskland, og deltok stadig i ulike talkshow. Otte, som då var CDU-medlem, var også ein høgt skatta representant for det (stadig meir) venstreorienterte mediepublikumet.

Men med massemigrasjonen endra tidene seg. Det synte seg, trass i myndigheitene sine forsikringar, at flyktningane/asylantane som ankom Tyskland i stadig villare og meir ukontrollerbart tempo, slett ikkje var «sjølvbergande» individ; tvert om vart sosialbudsjetta råka med brutal og galopperande & ekspanderande kraft.

Då det synte seg at Max Otte ikkje nølte med å gi kanslerinna bitande og sylskarp kritikk for den halslause migrasjonspolitikken ho var høgste ansvarlege for (stolte minne går straks til vår eigen kongehelt Sverre Sigurdsson, då han i 1194 talte paven og «Roma midt imot») – vart Otte om lag «over natta» ein «Persona non grata» for venstresida.

I 2017 melde han seg ut av CDU og inn i AfD med følgjande Twitterkommentar:

(– Angela Merke er ikkje valgbar for meg. Denne gongen veljer eg AfD. Prof. Dr. Max Otte, CDU-medlem sidan 1991.)

 

Her frå ein regal i ein Thalia-bokhandel – der Otte si bok gjekk direkte inn på sjuandeplass. Kort tid etter var imidlertid boka på plass nummer 7 fjerna. Foto: Håvard Hedde

Programverten Denis Scheck, ansvarleg for litteraturprogrammet «Druckfrisch» i ARD (tilsvarande NRK), sparte slett ikkje på krutet: «Ein Buch, das Ekel in mir auslöst» («Ei bok som vekkjer avsky i meg»).

Vi avsluttar med eit lite utdrag av ein kommentar frå ein lesar på Amazon:

Sehr umfassende Top-down Analysen der allgemeinen Weltlage, spannend, aufregend und horizonterweiternd. Sehr gut lesbar. Regt zum eigenen Nachdenken über persönliche Strategien an […]. Äußerst empfehlenswerte Lektüre eines klugen Denkers mit Rückgrat und Format. Kein Mainstream-Bla-Bla.
– Ei særs omfattande og allsidig analyse av den generelle verdssituasjonen. Spanande, rystande og «horisontutvidande». Svært lettlesen. Oppmuntrar til eiga tenking om/over personlege strategiar […]. Sterkt tilrådd lesnad frå ein klok tenkjar med ryggrad og format. Ingen MSM-bla-bla-bla.» (Amazon)

Kjøp Halvor Foslis nye bok her!


Kjøp Roger Scrutons bok “Konservatismen” fra Document Forlag her!