Nytt

Al-Nur-moskeen i Neukölln

Andreas Geisel (SPD), innanrikssenatoren i Berlin, har lova moskeane auka vern før morgondagens fredagsbøn. Dette i følgje Berliner Zeitung.

Formannen i det muslimske sentralrådet, Aiman Mazyek, har med tilvising til terroranslaget i Christchurch, hevda at sikkerheita til alle tyske moskear ikkje er god nok, og straks må skjerpast.

Geisel gir altså etter for kritikken, og set inn auka politivern i morgon. Årsaka ligg også i at sikkerheitssituasjonen etter åtaket i Christchurch har vore oppe til ny vurdering – ikkje berre i Berlin og Tyskland, men i heile Europa – og vert estimert som: «Generell høg risiko».

Tolerant og open by
«Eg vil forsikre alle våre muslimske medborgarar om at vi vil gjere alt vi kan for å verne dei,» seier Geisel, og held fram: «Berlin er ein tolerant og kosmopolitisk by, der balansen mellom kulturar og religionar vert ivaretatt. Hat og vald får ikkje spreie gift i vårt opne samfunn.»

Massiv oppgåve
I Berlin bur det mellom 250 til 300 tusen muslimar, og det er rundt 100 moskear (store og små) i drift. Dei to største finn ein i bydelen Neukölln (Al Nur Mosque og Sehitlikmoskeen), men det vert også halde bønesamlingar i mindre samanhengar, som i bakgardar og i private heimar.

Både uniformerte og sivile tropper
Politiet opplyser til pressa at synleg uniformert mannskap berre er ein del av innsatsen; dei vil også bli supplert med sivile og spesialstyrker. Utover dette vil ikkje politiet konkretisere noko meir.

Samarbeid mellom det muslimske sentrarådet og politiet
Talsmann for senatsadministrasjonen, Martin Pallgen, fortel at dei nye sikkerheitstiltaka er koordinert mellom politiet og dei ansvarlege muslimske organisasjonane som er representert i Berlin. «Samarbeidet har vore godt og konstruktivt,» seier han.

 

Bestill Douglas Murrays bok “Europas underlige død” fra Document Forlag her!