Nytt

Først var det det skotske punkbandet Oi Polloi som nektet å spille på en festival som hadde invitert Israels ambassadør Naim Araidi til ytringsfrihetsfestivalen i Stavanger.

Punkbandet besitter sjelden den store politiske innsikten. Oi Polloi forstår ikke hva ytringsfrihet betyr.
Mer overraskende er at NRKs Sidsel Wold også nektet å sitte på scenen sammen med Airadi. Wold kommer med flere uttalelser til Stavanger Aftenblads Jan Zahl som må sies å være oppsiktsvekkende, med tanke på at hun er NRKs ansikt utad.

Wold sier hun er kommet til at det er en krig om sannheten, det er to stikk motsatte versjoner som strides, og hun gjør det ettertrykkelig klart at hun ikke deler den israelske. Det er en klar melding og burde diskvalifisere Wold fra videre arbeid med Israel.
Istedet er det Wold som klager på ambassadøren fordi han har levert klager på hennes arbeid til Kringkastingsrådet. Hun mener å kjenne hans syn derfor er det ikke noe poeng i at de snakker sammen.
Sjelden har vi sett en NRK-reporters syn så usminket gjengitt. Man skulle kunne si at Wold har gjennomgått en radikalisering.

Kapittel inviterte Araidi både i rolla som poet og som Israels offisielle stemme i Norge. Som det siste skulle han opphavleg delta i ein samtale med NRKs tidlegare midtaustenkorrespondent Sidsel Wold søndag kveld. Dette arrangementet er nå delt i to: Først skal Araidi samtala med Aftenbladet-journalist Harald Birkevold, deretter skal Wold halda eit foredrag aleine.

– Denne endringa har ingen samanheng med Oi Polloi-saka, og handlar om arrangementtekniske ting, seier festivalsjef Røsbak, og forklarer at den opphavlege planen var eit større panel.

– Dermed har me to programendringar på Kapittel som begge involverer den israelske ambassadøren, men dei har ikkje noko som helst med kvarandre å gjera?

– Eg skjønar at du stiller spørsmålet, men dei to sakene har ikkje noko med kvarandre å gjera, nei. Eg trur det blir bra avslutningsforedrag frå Wold. Og ser fram til å høyra ambassadørens syn på si rolle som stemme for Israel.

– Endelaus debatt
NRKs Sidsel Wold stadfestar at den opphavlege planen var at dei skulle vera fleire i panelet.

– Men så såg eg at eg plutseleg skulle sitja aleine med den israelske ambassadøren. Det blir veldig merkeleg, seier Wold til Aftenbladet.

– Kvifor er det merkeleg?

– Eg er ein fri journalist, mens Araidi representerer staten Israel og ein ambassade som har meldt meg fleire gonger til Kringkastingsrådet. Det ville vera rart å snakka om korleis eg har dekka konflikten, mens han ville sagt at eg tok feil og argumentera for Israels syn, svarer Wold, og held fram:

– Av erfaring veit eg at debatten om midtaustenkonflikten er utan ende. Eg har vore gjennom desse diskusjonane tusen gonger. Konflikten kan ikkje løysast, slik eg ser det nå. Eg meiner det har med Israel å gjera, han meiner det motsette. Kva skulle koma ut av at me to skulle diskutera det nok ein gong?

Boikott?
– Du seier dette ikkje er ein boikott, men høyrest jo sånn ut når du ikkje vil samtala med Aradi?

– Det er ingen boikott, eg meiner bare det ikkje ville koma noko ut av ein slik diskusjon. Denne konflikten er ein krig om å forvalta sanninga. Eg kan ikkje diskutera mot éin av partane. Eg ville ikkje sete aleine i eit panel med den palestinske ambassadøren heller. Men eg kunne intervjua ambassadøren.

– Syns du det er greitt at Israels ambassadør står på Kapittelprogrammet?

– Ja. Han er stemmen til ei evig okkupasjonsmakt. Han skal prøva å bortforklara okkupasjonen og at Israel bryt internasjonale lover og reglar kvar dag. Det kan vera interessant å høyra han snakka.

 

http://www.aftenbladet.no/kultur/Bandboikott-av-Kapittel-3254429.html#.UkadF2RJUnV