Kommentar

En forsker ved NTNU, Ulrika Mårtensson, er intervjuet av forskning. no. Hun advarer mot islamister og muslimskle privatskoler, men sier samtidig at man utmerket kan leve med ghettoer av muslimer som praktiserer sharia, uten konflikt. Tvilsom logikk.

Førsteamanuensis Ulrika Mårtensson er islamforskar ved Institutt for arkeologi og religionsvitskap, NTNU. Ho ser ingen grunn til å stikke under stol at det finst sider ved politisk islam som er til dels særs ubehagelege. Desse sidene må vi våge å sjå i augo:
– Det handlar om ein samanblanding av religion og politikk, som fører til ein politisk ideologi som er direkte antidemokratisk, slår ho fast.
– Men det store fleirtalet av muslimar ønskjer ikkje å blande saman religion og politikk. For å styrke desse kreftene er den konstruktive, vedvarande samtalen viktigare enn nokon gong. Dialog tyder ikkje at ein gir etter, men at ein byr på motstand, og syner til alternativ.

Ei slik segregering, med delvis sjølvstyrte, muslimske gettoar i vestlege samfunn, treng ikkje føre til konflikt, poengterer Mårtensson.
– Slike samfunn kan godt leve side om side på eit vis som ikkje fører til open konfrontasjon: Men det motverkar integrasjon, som er det vi må søke. Derfor er dialogen viktigare enn nokonsinne. Vi ser også at den fungerer.

– Eg er sterkt imot utbreiinga av private friskular. Det er nemleg i den offentlege, ikkje-religiøse barne- og ungdomsskulen at unge menneske med ulik kulturell og religiøs bakgrunn møter kvarandre i det daglege. Om muslimske barn skulle forsvinne inn i private, religiøse friskular og slik misse denne møteplassen, vil det vere tragisk. Like synd vil det vere for ikkje-muslimske barn å ikkje kunne lære muslimske skulebarn å kjenne. Friminuttet er dialogarena så god som nokon, seier Ulrika Mårtensson.

Ein livsviktig dialog

Les også

-
-
-
-
-