I den første artikkelen skrev eg om kor mykje Norge historisk har tapt på grunn av kortsiktig tafatt husmannsånd, og muligheten som dagens situasjon gir oss, den løysinga for framtida som vil vera den beste og tryggeste for Norge – å skaffe oss allierte i staden for naboar som går imot våre interesser. Statsforbundet Norden er løysinga. Vanskelig i utgangspunktet, som alle store mål med meining. Men Grønlandssaka og Foreningen Nordens initiativ har no gitt dette alternativet eit innsmett.

Vi må starte i rett ende, og det er fire land som ikkje er medlemmer i EU – Norge og Island, samt Færøyane og Grønland, til tross for at dei to siste er i riksfellesskap med EU-medlem Danmark. Desse fire landa kunne sjå seg godt tjent med at vi slo oss i lag i ei gruppe, som kunne bli grunnlaget for eit statsforbund.

Norgeskart

Men først skal eg vise kvifor Grønland er mykje viktigare for Norge enn for Danmark.

Da, kjære leser, vil eg at du ser på karta. Kart over Norges maritime grenser og kart over Norges kontinentalsokkel. Norge er eit stort land, eit veldig stort land – eit havland. Vi er ei havstormakt med enorme areal i dei mest produktive områda i Nord-Atlanteren. Vi har spesialkompetanse på havforsking og ressursforvaltning, på fiskeri, og er verden beste på utvinning av olje og gass i verdens barskaste farvatn.

Grunnlaget for forvaltningen av desse ressursane er FNs Havrettskonvensjon og ei økonomisk 200 nautiske mils sone (NØS) og to andre soner, ei 200 nautiske mils fiskerisone rundt Jan Mayen og fiskevernsona rundt Svalbard, den også 200 nautiske mil. Årsaken til at den er kalla ei fiskevernsone, er Svalbardtraktaten og ulike syn på den. Sona er anerkjent som vernesone, men mellom anna Russland hevdar at etter Svalbardtraktaten skal alle ha rett til fiske der. Norge hevdar at fiskevernsona ikkje er ein del av Svalbardtraktaten, fordi traktaten berre går ut til 12-milsgrensa. Norge har dermed full råderett, men har ikkje våga å skjære igjennom med ein vanlig økonomisk sone – men i praksis godtar alle norsk råderett her, også Russland m.fl. på grunn av tilgang gjennom kvoteavtalar. Jan Mayen er slett ikkje ein del av Svalbard og tolkingsstrid der, så der er det ei litt anna sone. Men i praksis er det Norge som bestemmer og regjerer i alle desse områda.

Norge har store fiskeriforekomstar i NØS. Men fisk flytter på seg, og mange fiskeslag går opp i Svalbardsona. Men Svalbardsona heng saman med 200 mils NØS-sona, slik at dette blir eit samanhengande område. Dette er uhyre viktig, fordi uten denne fiskevernsona ville dette vera internasjonalt farvatn og fritt fram og ville tilstandar. Ein tilsvarande funksjon har fiskesona rundt Jan Mayen. Sona er norsk område, og om den ikkje heng saman med 200-milssona frå fastlandet, er den likevel ein buffer mot naboar i vest, holet, «Smutthavet», som ligg imellom, er internasjonalt farvatn. Norge deler ut kvoter og driv overvåkning og kontroll i alle desse sone-områda. Verdien av dette for Norge kan knapt overdrivast. I tillegg kjem ressursane under havbotnen. Dei er mange, og der gjeld areala som vist i kartet over kontinentalsokkelen.

Grønland

Sjå på kartet, Grønland er Norges nabo i vest. Hvis USA skulle overta Grønland, ville Norge møte USA som motpart – og USA sin fiskeripolitikk er ikkje mykje å rope hurra for. Og verre enda; USA er – uansett president – ein nasjon som driv tøff business der det kan vera noko å hente. Så har Trump sagt at USA treng Grønland for sikkerhet, ein buffer mellom USA og Russland. Danmark kan ikkje forsvara dette store området, og han stoler ikkje på grønlendarane. På ein måte forståelig, det kan jo kanskje skje ein dag at det er eit Kina-vennlig kommunistisk fleirtal på Grønland. I realiteten kan nok USA – og vi – få juridisk sikre avtalar, men som påskudd er det jo gangbart. Og den egentlige grunnen er vel at Trump med rette er redd for at befolkingen på Grønland vil stemme nei i ein mulig avstemning om dei vil bli ein stat i USA.

Sjå på karta igjen, også polkartet (arktiske adm.område). Det er ikkje Grønland som ligg nærast Russland og Kola-halvøya. Det er Svalbard. Hvis USA skulle ha basar nokon stad, måtte det vera på Jan Mayen og særleg Svalbard. Så er det slik at alle dei argument Trump brukar for at USA må ha Grønland, passer enda betre på Svalbard. Nær Russland, Norge kan ikkje forsvara øyane, Norge har trappa ned sin økonomiske aktivitet der dramatisk på grunn av klimagalskap, og om det ikkje er sant at det er russarar og kinesarar på Grønland, så er dei i alle fall i full mon på Svalbard.

Den viktigste livlinja til NATO er aksen Svalbard–Vardø. Derfor vil ikkje USA ut av NATO – Svalbard og Finnmark er altfor viktige. Det må vera svært fornuftig av USA å sikre seg Svalbard før russarane gjer det. Kva vil Trump seie når han har sikra seg Grønland? Jo, USA ha Svalbard! Og så vil Trump bruke argument som for Grønland: Norge kan ikkje forsvare øyane. Forsvaret har ikkje eingong to hundesledar der, og det er både raude kommunistar og gale MDG-folk i det norske parlamentet. Og er det no egentlig slik at Svalbardtraktaten gir Norge slike rettigheter som Norge påstår? Og fiskevernsonen, der er det vel verdiar, ikkje rett at Norge skal bestemme der … osv. Trusler om at USA vil reforhandle traktaten – eller Norge må godta at USA kjøper desse holmane. Trump vil ikkje spare på kruttet. Og USA kan starte storstilt verksemd på Svalbard, gruvedrift og andre ting, slik som Russland gjer. Det skal ikkje vera militærbaser på Svalbard etter traktaten, men Trump bryr seg neppe så hardt om det – og det kan brukast som eit argument for at også Svalbard må bli ein del av USA.

Det er opplagt at USA under Trump og Vance kan finne mange brutale pressmiddel å bruke mot oss. Det kan også vera greit å ha i mente at USA hittil har etterlevd Havrettskonvensjonen, men USA har ikkje ratifisert konvensjonen. Trumps framferd mot Danmark bør ta fra oss alle illusjonar.

Og enda verre, EU stiller opp for Danmark og Grønland, men neppe for Norges rett til Svalbard.

Det er sannsynlig at hvis Danmark mister Grønland, så vil Norge miste Svalbard. Det vil ha så store negative følger for Norge at det må vi for all del unngå.

Dette er eit alternativ, USA overtar Grønland. Det verste for Norge.

Like sannsynlig kan det vera at EU sin kraftige motstand fører til at EU vinner fram. EU har ein plan med denne støtten til Danmark og Grønland. EU vil tilby EU-medlemskap til Norge, Island, Grønland og Færøyane. Norges regjering pluss Høgre og Venstre stiller seg ivrig bak dette – og dette er grunnen til at Støre og Barthen er så unnvikande med å gi støtte til Danmark: Dei må ikkje få andre løysingar enn EU sin. Hvis Island og Grønland skulle sjå dette som ein utveg, vil Norge sitte i klisteret. Vi ville vera fullstendig omringa av naboar som har EU sine interesser som prioritet. Vi kan komme i den situasjon at vi da må prøve å få felles forhandlingsresultat, slik at Norge, Island, Grønland og Færøyane i det minste blir ei blokk i EU.

Det kan bli resultatet. Men det er ikkje bra. Men betre å delta i EU enn at USA får høve til å ta frå oss råderett over areal som er basis for mykje av levegrunnlaget vårt. Nokon form for medbestemmelse i USA får vi aldri.

Så er det eit tredje alternativ. Det er vanskeligare, men ikkje umulig – fordi det vil, både på Grønland og Færøyane, og særlig på Island, vere ei stor gruppe, truleg eit solid fleirtal, som gjerne vil ha ein annan utveg enn EU. Hvis dei blir kjent med at det finnes.

Foreningen Norden har peikt på ei opplagt løysing i tråd med foreningens formål. Rettnok er ikkje Foreningen Norden nokon politisk maktfaktor, men er likevel ein seriøs organisasjon med foreningar i forbund i alle Nordiske land. Dei kan spre synspunkt.

Da kunne dette vera redninga, at vi slår oss i lag – Norge, Island, Grønland og Færøyane, som med utvida samarbeidsavtalar danna ei gruppe av sjølvstendige statar utanfor EU, som sto samla med felles front utad – i dagens situasjon ville Danmark godta dette, så lenge dei framleis hadde Færøyane og Grønland med i Riksfellesskapet, om enn med enda mindre reell dansk innflytelse enn før. Denne gruppa ville naturlig kunne føre til eit formelt statsforbund. Danmark ville på dette viset bli med i denne gruppa, dette statsforbundet – og da er det berre to land igjen. Og Sverige og Finland, saman med dei andre nordiske landa, kunne sikkert tenke seg at Norden vart ei blokk i NATO. Og da ville vi vera snublande nær eit statsforbund.

Sjølsagt må vi alle ruste opp forsvaret til eit nivå som både er akseptabelt i NATO og tilstrekkelig hvis vi skulle bli ståande aleine.

Om vi er svake no, så må og vil dette endre seg. På same vis må vi kvitte oss med klimagalskap, innvandringsgalskap og følgene av dette. Men alt dette må vi uansett – og endring er allerede i gang. Sjå berre på oppslutninga omkring Tommy Robinson i UK.

Vi kan ikkje tafatt resignere fordi alt er vonlaust. Vi kan ikkje i det uendelige klage og fordømme alle dei skyldige i problema. Vi må ta fatt i det vi bør gjere.

Lat oss starte med å sjå korleis vi kan få dette tredje alternativet fram i lyset. Det skal vi gjere no – no når det er krise og alternativ er etterspurt. Så finne ut kva vi kan gjere vidare deretter. Samtidig: Sjå framover – langt framover.

Denne gruppa, dette Statsforbundet, ville vera ein formidabel region. Store ressursar. Veldig store ressursar. Verdens fremste på ressursforvaltning, på fiskeriteknologi, på skipsfart, på oljeutvinning til havs, kompetanse i arktiske strøk – ja, til og med gruvedrift. Og i tillegg til ressursar og kompetanse har vi kapital. Vi kan investere.

Sjå på kartet igjen. Eit slikt statsforbund vil ikkje berre ha Norges store område, men også dei tilgrensande 200 nautiske mils sonene til Færøyane, Island og Grønland, alt under felles forvaltning, eit forbund som ei eining, eit bolverk utad. Eit viktig moment er det også at vi tilhøyrer same historiske og kulturelle fellesskap. Over 1000 år til og med på Grønland.

Dette er det beste alternativet. Det einaste gode alternativet. I dagens situasjon er det oppnåelig.

 

Kjøp boken av Alf R. Jacobsen! Kjøp e-boken her.

 

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.