Grim skole i Kristiansand. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB.

Pisaresultata for 2022 vart nyleg offentleg­gjort, og resultata er ganske avslørande for den nedad­gåande utviklinga som har pågått i norsk skole over lang, lang tid. 81 land er med i undersøkinga. Resultatet viser nedgang i både lesing, matematikk og naturfag blant norske elevar.

Gjennomsnitts­resultatet i matematikk er det lågaste som er målt i Norge sidan Pisa vart tatt i bruk. Til og med resultata i lesing og naturfag er blant dei svakaste som er målt. Testen gjennom­førast i alle OECD-landa og viser kor gode 15-åringar er i lesing, matematikk og naturfag.

Målingane viser også at forskjellane har blitt større mellom dei sterkaste og de svakaste elevane i lesing og naturfag.

Så kan ein sjølvsagt undre seg på kva som er årsaken? Svaret er som oftast samansett og inneheld mange element. Det er likevel muleg å peike på nokre utviklingstrekk som stikk seg fram.

Kunnskaps­ministeren peikar på skjermbruk i skulen som ein del av problemet. Det har ho litt rett i, men er nok bare litt rett. Andre peikar på pandemien som årsak, men han er nok ikkje svar på dei grunn­leggande utfordringane.

Det vi må vere klar over er at svekkinga av kunnskaps­skolen har pågått over lang tid, og resultata vi no ser er ikkje veldig overraskande. For eigen del har eg vore lærar gjennom eit heilt yrkesliv, rektor, skole­politikar, far og no bestefar.

Uro for eit stadig svakare nivå i norsk skole har vore der lenge, men Ap’s dominans i norsk politikk var så stor at andre synspunkt hadde ingen sjans. Du opplever i dag elevar som sit med mobilen og spelar og leikar seg. Det fortel mykje om ein skole som ikkje lenger er under styring og kontroll, men der elevane har rett og høve til nærast kva som helst.

Nokre politiske miljø vil fjerne heile under­søkinga, og det blir feil etter mitt skjønn. Vi treng ei tilbake­melding på korleis skolen fungerar og kva veg utviklinga går. Vi skal trass alt utvikle elevar som skal bygge dette samfunnet vidare og det til og med utan inntektene frå olje og gass.

Mange foreldre er misnøgde over at store ressursar nyttast til dei dårligaste og mest urolege elevane, utan at dette ser ut til å hjelpe i det heile tatt. Flinke elevar blir overlatt til seg sjølve, og utviklinga av elevar som kunne gjort ein forskjell og skapt ei betre framtid stagnerer. Resultatet er samling i botn.

I tillegg kjem stadig nye elevar inn i skolane utan å kunne norsk, og mange av dei kan heller ikkje skrive på sitt eige morsmål.

Mange norske politikarar er mest opptatt av at elevane skal trivast enn at dei skal lære fag, noko som trass alt er skolen si hoved­oppgåve. Det kan sjå ut til at målet er å få alle like dårlege og at ingen føler seg krenka. Det å lære seg å takle motgang og utfordringar blir for krevande for denne generasjonen elevar, er nok tankegangen.

Skolens forfall er eit speilbilde av samfunnets forfall. Det kan sjå ut til at den einaste kunnskapen som aukar er kunnskapen om at det finst stadig fleire ulike kjønn.

Kva må gjerast? Jo, skolen som lærings­arena må gjen­opp­rettast. Kunnskaps­formidlinga må bli sett i fokus. Læraren må bli verdsatt og gitt tillit som kunnskaps­formidlar. Han skal dessutan vere einaste sjef i klasse­rommet.

Vi må sette fokus på disiplin og tydleg klasse­leiing. Vi ønsker å gjennomføre skriftlege prøver i sentrale fag som matematikk, norsk og engelsk frå 5. klasse med karakter­fast­setting. Vi vil gjere under­visning i kristendom obligatorisk for lærar­studentar. Vi vil frigjere lærarane frå flest mulege administrative oppgåver.

Mykje kan gjerast og mykje må gjennom­førast. Lett blir det ikkje, men dess fortare vi kjem i gang dess betre.

 

Kjøp Susanne Wiesingers bok «Kulturkamp i klasserommet»!  Du kan også kjøpe den som ebok.

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene som vi skriver om. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.