«Når SIAN  spreier hat og misnøye mot minoritetar, fører det til vald,» sa Torbjørn Vereide, stortingsrepresentant for AP, til meg på deira stand i dag. Eg tok opp det med at folk frå den politiske venstresida har brukt både fysisk og verbal vald på SIAN sine arrangement. Det er den valden eg har sett at SIAN har provosert fram; altså den frå muslimar og den politiske venstresida.

Den einaste valden Vereide visste om i Norge, var den som har blitt utført av høgre-ekstreme, og han drog Breivik-kortet. I slutten av samtalen spurte han om eg hadde vore i Auschwitz. Han peika på at det hadde skjedd steg for steg at folk blei så vondskapsfulle at dei sendte minoritetar som jødar og homofile i gasskammer. Eg kunne vera einig med han om det, men meiner Vereide at islamkritikk kan føra muslimar i gasskammer? 

Er det hat å spre informasjon om ein ideologi som har null toleranse for andre livssyn enn deira eige? SIAN uttrykkjer ikkje hat mot muslimar som mennesker. Innimellom agiterer dei for muslimske kvinner sin rett til autonome liv. Det er dei som vil ha islams politiske ideologi innført i våre land som SIAN åtvarar imot. Det er ikkje hat å snakka fakta om ideologien og konsekvensane av den.

Vereide hadde ikkje lest Koranen. Han meinte at det kun var ytre høgre som hadde utført politisk vald i Norge. Kva med alle dei som har brukt knivstikking mot «vantru»? Kva med kyrkjebrann? Kva med valdsforsøka på SIAN sine arrangement? Kva med folk frå den politiske venstresida som har ropt «nazisvin» mot SIAN sine talarar og vore med på å øydeleggja t-skjorter og plakatar frå folk i bevegelsen «Gule skjorter for ytringsfrihet»? Og sist, men ikkje minst: 2. juli gjennomførte to muslimske kvinner drapsforsøk på fem SIAN-representantar. Dette har fått stor lovprising frå muslimske miljø både i Norge og internasjonalt.

Ved fleire gonger på Arendalsuka teke eg opp venstresida sin bruk av vald. Dei nektar å tru meg. I morgon tenkjer eg at eg får høyra om dei kjenner til Antifa. 8. mars 2021 kom eg tilfeldig over eit SIAN-stunt for muslimske kvinner på Karl Johan. Fleire antifa–aktivistar var så aggressive at politiet måtte bruka fysisk makt for å forsvara SIAN. Eg er ikkje i tvil om at dei hadde vilje til å drepa. Dette er den delen av valdeleg ekstremisme få i Norge har høyrt om. Når skal Arbeiderpartiet setja fokus på det i staden for å knyta islamkritikk til det mentalt sjuke tankegodset til Breivik? At han refererte islamkritikarar i manifestet sitt, betyr ikkje at dei har andre ting til felles med han. Ein mentalt forstyrra person kan innimellom ha  rasjonelle tankar. Kven andre i Norge er politisk samde med massemordaren si beundring av jihadistisk vald enn fundamentalistiske muslimar?

Ei påminning av kor sterk forpliktelsen til å forsvara Muhammed og Allah er i den islamske ideologien, fekk vi ei stygg påminning om sist veke med attentatet på Salman Rushdie.

 

Kjøp «Et varslet energisjokk» her!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.