Forsiden til papirutgaven av VG i 2017 med et bilde av USAs president Donald Trump og en meget bevisst plassering av overskriften. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Den norske systemet for pressestøtte er forlengst blitt ei tvilsam ordning. Det kan argumenterast prinsipielt mot å ha ein slik subsidiebrønn i det heile. Men det kan, slik målet var, også argumenterast for ideen om ei DIFFERENSIERT presse – det vil seie differensiert meiningsinnhald – ut frå demokratiske ideal og allmenn vitalisering av samfunnsdebatten.

Systemet har utvikla seg autoritært. Det har no ei massiv raudgrøn PK-slagside som er det motsette av differensiering. Alle større papirmedia meiner i stigande grad akkurat det same i viktige ideologiske spørsmål, jamfør interesseområde som bistand, miljø, innvandring, asyl, homo, kyrkje, kyrkjepraksis, osv.

Og meir enn det: Dei som er komne inn på den grøne greina, og som årleg deler fleire hundre millionar mellom seg, arbeider samstundes i harde tak for å halde alle andre ute. Det gjeld brodden mot enkeltståande presseorgan, men ikkje minst dei alternative nyheitskanalane på nettet.

Slike «opposisjonelle kanalar» – som kontinuerleg produserer interessant stoff ut frå anna verdisyn og andre vinklar enn dei gjengse – opplever fordømming og KLAPPJAKT frå etablerte interesser. Ja, det går så langt at det blir sett i gang svertekampanjer og overtaling frå grupper som oppfordrar/pressar annonsørane vekk frå å kunne medvirke til finansiering av uavhengige media!

Når ein først har eit system med pressestøtte: Uavhengige nettmedia må sjølvsagt vurderast på lik line med trykte media!

For me vil vel ha eit land med meiningsbryting og demokrati?




Kjøp Prosessen mot Israel fra Document Forlag!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.