Orsak, men er det berre eg som snart blir lei desse organisasjonane og generalsekretærane som står i mediekø for å gje Ola og Kari dårleg samvit? Flyktningehjelpen, Redd Barna, Norsk Folkehjelp, Røde Kors, Kirkens Nødhjelp m.fl. er ustoppelege i sine krav – ja, KRAV – om at Solberg-regjeringa må auke den globale innsatsen. (OECD har Noreg på tredjeplass som gjevarland i verda, men det er visst ikkje godt nok: To framom, og to hundre bak = for dårleg!)

Korona-viruset har hittil kosta oss (på snaue to månader) 280 milliardar kroner, og samfunnsøkonomien er i ferd med å få seg eit langsiktig banesår, med konkursar, arbeidsløyse og tragiske menneskelagnader i eit omfang me ikkje har sett sidan 1930-åra. «Vi må ikke være så egoistiske her i landet,» manar sjefen i Redd Barna, Birgitte Lange, som vil auke talet på kvoteflyktningar til 5000, installert i karantene på ledige turisthotell! Kven meiner ho skal betale? Er hotellrom «gratis» for henne? Manglar helsestellet arbeidsoppgåver? Og Jan Egeland,» big spender» i ein mannsalder, samanliknar den imponerande gjestfridomen i Jordan med den stusslege gjestfridomen i Noreg. Han vil gje Ola og Kari dårleg samvit fordi dei ikkje opnar lommeboka og heimane sine med same proporsjonalitet som flyktningeleirar i Jordan. Ei absurd samanlikning – eit utslag av emosjonell-humanitær reknekunst?

Nye døraksjonar i vente. No er det også indre organisasjonskamp i media mellom godheitsposørane.

Eg har alltid meint det er ein fordel med folk som veit skilnaden på debet og kredit. Eller som Kåre Willoch sa: «Det er meget stor forskjell på utgifter til inntekts ervervelse og utgifter til utgifters ervervelse.»

Dei nemnte humanitære organisasjonane, som gjer mange gode ting, er snart å likne med ein stat i staten, uhyggeleg dyre i drift, og opererer med toppløner på line med landets statsminister. Røde Kors åleine har tre milliardar på bok.

I desse krisetider er det våre leiarar si fremste oppgåve å ta vare på innbyggjarane. Landets borgarar må ha prioritet, her som i alle andre land.

I mellomtida kan alle med spade i statskassa ta eit kurs og tenkje gjennom kvar desse pengane eigentleg kjem frå.

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.