Sakset/Fra hofta

På frigjeringsdagen, 8. mai, handla eitt av innslaga om ei ekstraløyving regjeringa hadde gitt for å motverke truande hungersnaud i nokre afrikanske land. Programleiar Tom Nilssen introduserte innslaget slik:

«Alle sultkatastrofene i verden, illustrert med bilder som dette (NB: Bilde av den ekstremt avmagra og døyande Jamila vart samtidig vist på skjermen), har fått regjeringen til å bevilge én ekstra milliard for i år. De siste 274 mill ble foreslått i dag og skal gå til de 20 millionene som er truet av sult.»

Deretter kommenterte NRK sin utanrikspolitiske veterankorrespondent, Tomm Kristiansen, bilda som vart vist:

«Fredag så utenriksminister Børge Brende denne jenta på Dagsrevyen, Jamila frå Jemen, en olding på sju år, utsultet og hjelpeløs, et offer for krigførende militser, men også for verdens apati (film med nærbilde av den dehydrerte, avmagra og fortvila jenta; nærast eit skjelett med hud over, vart vist på skjermen). Flyktninghjelpens Jan Egeland raste på fjernsynet: 

(Kort klipp med Egeland):

«Alle ser ut til å gi blaffen i at kvinner og barn dør» , før Kristiansen heldt fram: «Børge Brende raste foran TV’en; han hadde klar penger for Jamila». Klipp med Brende: «Det er barn som faktisk er sterkt underernært og kan dø av sult».

Kristiansen heldt fram:

«Men Brendes 274 millioner ekstraordinære kroner rakk ikke fram til Jamila. Hun er allerede død. Hun rakk ikke engang å lære alfabetet i sitt korte liv (bilde frå gravferda). Hun sultet i hjel og er ikke mer. Det lykkelige Arabia kalte de Jemen. Det er bare til å gråte over, for det er slik ser Jemen ut i dag (bilde av krig og milits), og altså slik (bilde av Jamila). For mer sult har ikke verden sett siden Den annen verdenskrig.»

Nytt klipp med Brende:

«Det er snakk om Jemen, det er snakk om Sør-Sudan, og ikke minst i nordøstlige deler av Nigeria, hvor Boko Haram har herja. Og hvis vi får på plass denne matvarehjelpa og beskyttelse og rent drikkevann, så kan vi altså redde millioner av liv, hvis andre land nå følger det Norge har lagt opp til.» 

Tomm Kristiansen avslutta med desse orda:

«Alle disse sultkatastrofene er menneskeskapte, av ledere som ikke har evne å ta vare på sitt folk. Nå blar Norge opp én ekstra milliard kroner til rent vann, mat, tak over hodet og sikkerhet. Det er for de 20 millioner sultende. Men årsakene til sulten er like uløste.»

Krig fører ofte til at sivilsamfunnet bryt saman, matvarelager og distribusjonsnett blir øydelagde, og folk må flykte frå hus og heim der dei sjølv dyrkar maten sin. Alt dette kan føre til hungersnaud. Det er difor all grunn til både å rapportere om faren for slike katastrofar og gje hjelp i tide. Sterke bilde kan også forsvarast for å vekkje opinion og politikarar til innsats. Det er heller ikkje tvil om at Jamila lei og døydde av underernæring, men ho døydde slett ikkje av matmangel, slik reportasjen i denne sendinga skapte inntrykk av. Ho døydde etter tre års sjukdom med diaré, slik det gjekk fram av reportasjen i Dagsrevyen, torsdag, 4. mai.  Men også programleiar den dagen, Atle Bjurstrøm, snakka om svolt som årsak, eit ord som i det minste er tvitydig:

«Dette er Jamila. Da dette bildet ble tatt, holdt hun på å dø av sult». 

I reportasjen til Anja Strønen får vi likevel sjå dei velnærde syskena til Jamila og ved utsegner frå far, mor og legen på sjukehuset vite litt meir om årsaka til at Jamila Abu Abdi døydde, berre sju år gammal. Far hennar, Ali Abdi, sa dette:

«Jamila har vært syk i tre år. Vi har ikke råd til å reise bort så hun kan få hjelp. Selv har jeg nyresvikt, og vi får begge stadig tilbakefall. Det er ikke noe vi kan gjøre for at Jamila skal bli bra».

Mor til Jamila, Amal Ibrahim, presisterte:

«Vi har brukt alle pengene våre på å få henne frisk. Vi har solgt møblene og sauene. «

Årsaka til avmagringa gav legen på sjukehuset, Awsal al-Qariqi:

«Hovedårsaken til at hun er underernært er at hun har hatt diaré i to eller tre år, uten at noen har klart å stille en diagnose». 

Underernæring kan vere årsak til dødsfall blant unge også i Noreg, enten ved kronisk tarmbetennelse eller anoreksi. Dagsrevyen har hatt mange innslag om ei 13 år gammal jente som døydde nyttårsaftan på ei hytte i Valdres av sistnemnde sjukdom. Eg sjølv synest det vart både nok og for mykje om akkurat henne, særleg med tanke på dei pårørande. Ho er éin av mange unge i landet vårt som har døydd av anoreksi, men eg trur ikkje Dagsrevyen ville vist foto eller film av nokon av desse, sjølv om dei hadde tilgang til slikt bildemateriell. Årsaka til forskjellsbehandlinga kan vere at Jemen ligg så fjernt, og at det der kan vere ressursmangel som ligg bak. Men i det aktuelle tilfelle var det iallfall ikkje mangel på mat. Det burde ha kome fram også i siste omtalen. Dagsrevyredaksjonen har kanskje tenkt at «hensikten helliger midlet»; at bilda av denne lidande, utmagra og døyande jenta kan skape slik medkjensle og gjevarvilje at mange sveltande får hjelp. Spørsmålet er om eit slikt godt føremål er nok til å forsvare at dette siste innslaget framstilte det som om jenta døydde av matmangel. Det er uansett faktisk feil, gjort med vilje, og inneber både at NRK fører folk bak lyset og set sitt eige truverd på spel.

Men global matforsyning er eit viktig tema. Det er ein reell risiko for at hungersnaud kan bli ein kronisk tilstand i mange statar i Afrika. I Somalia, Sør-Sudan, Jemen og Nigeria var befolkninga på høvesvis 2,4 – 2,7 – 4,8 – 32 millionar i 1950, og er no på 11 – 13 – 28 – 190 millionar.  Ho har såleis auka med 360 – 490 % i løpet av desse 67 åra, 20-50 gonger meir enn auken i den etnisk norske befolkninga. Gjeve ein TFR på høvesvis 5,8 – 5,1 – 3,6 – 5,1 i desse fire landa, vil veksten halde fram i nesten same tempo. Medan resten av verda framleis kan gje matvarehjelp, er det ingen andre enn dei sjølve som kan hindre denne befolkningseksplosjonen med dei katastrofar han kan føre til. Europa kan ikkje fø eller ta i mot fleire milliardar menneske i tillegg til eiga befolkning; knapt nok ta i mot mange millionar til.