Nytt

Inngangen til Breitscheidplatz i Berlin. Foto: Fabrizio Bensch/Reuters/Scanpix

Senatet i Berlin har no vedteke å sikre 18 turiststader mot terroråtak. Modellen for sikringa, er Breitscheidplatz i Charlottenburg, der ein terrorist like før jul 2016 drap 12 personar og såra ytterlegare 56 ved hjelp av ein stolen trailer. Her er det i ettertid satt opp betongsøyler, for å hindre «trafikal terror».

Dei fleste i bydel Mitte
På lista står mellom anna Humboldt Forum, Alexanderplatz, området rundt Brandenburger Tor, Gendarmenmarkt og Hackescher Markt. Ifølgje senator Andreas Geisel (SPD) dreier det seg både om høgt besøkte, urbane og turistviktige stader og om stader med politisk eller historisk stor symbolverdi.

«Vi skal ikkje avsperre heile byen,» seier Geisel, «det er sjølvsagt ikkje målet. Sentralt står behovet for naudsynt beskyttelse i det offentlege rom.»

Inspirasjon frå London
I bydelen Mitte er det no nedsatt ei arbeidsgruppe som skal utreie korleis sikringa kan løysast – også reint arkitektonisk. Ein tenkjer seg sperringar i form av sittegrupper, betongsøyler eller stenging av gater ved hjelp av bommar.

Distriktsordførar i Mitte, Stephan von Dassel (Grüne), uttalte til Berliner Morgenpost: «Sikkerheit vil ikkje vere mogleg å oppnå utan begrensningar.» Planene er basert på løysingar andre europeiske byer har utført, der særleg London vert nemnt som den viktigaste inspirasjonskjelda.

Politiet gir tommel opp
«Ved slike inngrep må ein også ha det reint estetiske for auget,» held Dassel fram. Han får full støtte frå politiet si arbeidsgruppe, GdP (Gewerkschaft der Polizei). Presseansvarleg i GdP, Benjamin Jendro, uttalar mellom anna: «Det ville vere grovt uaktsomt å ikkje innføre tiltak mot terror, når vi ser på dei siste åra si utvikling innan slike åtak. Det eksisterar definitivt meir innovative løysingar enn betongsøyler, men på stader som Breitscheidplatz, Alexanderplatz og Brandenburger Tor, er det pr i dag relativt enkelt for terroristar å angripe med køyretøy i stor hastigheit».

Men ikkje alle er samde
Også den raud-raudgrøne koalisjonen gir Geisel sine planar full støtte. CDU sin parlamentariske leiar, Burkard Dregger, er derimot kritisk. «Fysiske avsperringar hjelp ikkje mot terror. Overvaking av elektronisk og digital kommunikasjon, videorekognosering og elektroniske fotlenker mot mistenkte, hjelp overalt,» hevdar han. «Eg ber difor den raud-raudgrøne koalisjonen om å handle raskt, og å tilpasse lovverket slik at politiet får heimel for å nytte fotlenker og andre overvakingsmiddel så fort som råd.»

https://www.morgenpost.de/berlin/article227363883/18-Berliner-Plaetze-sollen-terrorsicherer-werden.html