Nytt

Etter utallege utsetjingar, ombyggjingar, feilprosessar og elendig organisatorisk arbeid, hevdar no flyplassdirektør Engelbert Lütke Daldrup at Berlin/Brandenburg (BER) sin nye storflyplass skal stå ferdig i oktober neste år.

I oktober 2020 er det åtte og eit halvt år sidan prosjektet først vart estimert ferdigstilt.

Skandale på skandale har fylgt i kjølvatnet av stadig nye utsetjingar – mellom anna er begge eksborgermeistarane i Berlin og Brandenburg, Klaus Wowereit og Matthias Platzeck, blitt skulda for ikkje å trekkje i «naudbremsa» på eit tidspunkt då det allereie var klart at prosjektet var totalt ute av kurs, fullstendig ute av kontroll. Mannen bak skuldingane er Thorsten Metzner, redaktør i Tagesspiegel og BER-ekspert:

«Eg har fylgt dette prosjektet i fleire år no, og har registrert at feila som har blitt begått etter 2012, er meir alvorlege enn dei som inntraff før dette tidspunktet. Årsakene til dette er (soleklart) politiske; begge dei dåverande borgarmeistrane (SPD) frykta at ei offentleg innrømming ville føre til slutten på to statlege regjeringar.»

I motsetnad til i Wien, held Metzner fram, der dei hadde tilsvarande problem med sin nye flyplass, valde dei leiande å innstille byggjinga eitt år – for å kome til botns i problema. Dette ville utvilsamt også ha spart BER-prosjektet for (minst) eit par milliardar, men altså – politikken kom først.»

Erstattar både Schönefeld og Tegel
Parallelt med utsetjingane ved BER, har også den planlagde nedleggjinga av Tegel (TXL) blitt utsatt. TXL skulle etter prognosene innstille drifta 2. juni 2012 – dagen før opninga ved BER. Men så snart den nye flyplassen er i drift, er det framleis meininga at den sivile delen av flyplassen skal innstillast. Historisk interessant er det at TXL vart bygd i 1948 (på 48 dagar!) av franske ingeniørar (fransk okkupasjonssone) for å kome den russiske «Berlinblokaden» til livs.

Kolossale kostnadar
På nettsida https://www.flughafen-berlin-kosten.de/ kan ein i detalj fylgje korleis kostnadane stig – frå minutt til minutt. 35.6 millionar (euro) i månaden, 1.15 millionar pr dag. Ekspertar eg har snakka med, fortel at det prosjektet allereie i starten kom ut av kurs. Antalet underleverdandørar steig frå veke til veke – kontrollen og oversikta – vart stadig dårlegare, men ingen «turde» å seie ifrå…

Skal du erte ein tyskar, nemn BER
Vi nordmenn er kjende med tyskarar som geniale organisatorar – og uttrykket «Ordnung muβ sein», er ålment kjent som eit uttrykk som forklarar tysk mentalitet og administrative evner. Så «sit du fast» i ein debatt med ein tysk (eller fleire), så er det eit sjakktrekk å nemne – naturlegvis med «innestemme» – «Eg har høyrt snakk om at det skal byggjast ein ny flyplass her nede. Veit du/de noko om dette?» Syner dette seg å vere eit særs uheldig trekk – så MÅ du straks spandere «neste runde»!

«Antiklimatiske» framtidsplanar

Kapasiteten flyplassen har ved opninga, er om lag 28 millionar passasjerar. Men allereie i 2035 – etter nye utbyggjingar – estimerer ein med å kunne drifte heile 58 millionar passasjerar (sjå biletet).

Kva Greta Thunberg, MDG og andre klimadystopikarar seier til dette, får vi heilt sikkert høyre.

ps
Kanslar Angela Merkel og hennar «kronprinsesse» Annegret Kramp-Karrenbauer – hadde om lag same timeplan under klimakonferansen i New York. Likevel «måtte» dei ifølgje «Die Welt» bruke kvart sitt fly...