Nytt

Den tyske indreministeren Horst Seehofer vil slå hardt til mot syriske asylsøkjarar som – etter å ha hevda at de er forfulgde i heimlandet – likevel dreg tilbake, til dømes på ferie.

Dei mister flyktningstatusen
Borgarkrigen i Syria har no pågått i om lag åtte år. I løpet av denne tida har heile 780.000 syrarar flykta til Tyskland. Store delar av landet vert kontrollert av president Bashar al-Assad sine regjeringstropper, men i nord og aust av landet vert det framleis kjempa. I mars i år endra departementet for Migrasjon og Flyktningar statusen for returar til Syria; dei reknar no med at det ikkje lenger inneber risiko å flytte heim. Dermed vil syriske asylantar få sitt asylvedtak annulert.

Det lyseraude feltet er under kontroll av Regjeringsstyrkane, dei andre vert haldne av ulike motstandarar av Assad-regimet. Grønt: Den frie syriske arme, Kvit: Jihadistiske Dshabhat Fatah asch-Scham, Gult: Demokratiske krefter Syria. Kartet syner stillinga slik den var i april i år.Wikipedia/Ermanarich (CC BY-SA 4.0), krone.at-Grafik)

Seehofer uttalte til „Bild am Sonntag“ at tiltak vil verte innførte mot syrarar som dreg på «asylant-ferieturar» til Syria. «Syriske flyktningar som regelmessig dreg på turar til heimlandet, kan ikkje rekne med å bli trudde når dei hevdar at dei er forfylgde,» ifølgje CSU-politikaren. «Slike personar vil få flyktningstatusen annulert.“ 

 Passkontrollen skal skjerpast
«Vi vil heretter følgje nøye med når syrarar vitjar heimlandet,» slår Indreministeren fast. Kontrollen av falske asylantar skal skjerpast og intensiverast.

Noko å tenkje på også for vår eigen justis- og innvandringsminster?

 

 

 

Kronen Zeitung –

Støtt Document

Du kan enkelt sette opp et fast, månedlig trekk med bankkort:

Eller du kan velge et enkeltbeløp:

kr

Du kan også overføre direkte til vårt kontonummer 1503.02.49981

Vårt Vipps nummer er 13629

For Paypal og SMS se vår Støtt Oss-side.