Kultur

– Det ligger en farlig og skjebnesvanger uforstand i å se ned på alt vi ikke forstår, rent bortsett fra det meningsløse hovmod som er forbundet med en slik holdning.

Dette skreiv Michel de Montaigne for vel fire hundre år sidan, og eg strevar med denne utsegna når eg ser på moderne kunst. For litt sidan var eg med på overleveringa av den nye kunsthøgskulen i Bergen (Universitetet i Bergen, Fakultet for kunst, musikk og design). I eit av dei store fellesromma såg eg to store abstrakte kunstverk. Kunstnaren må ha brukt mykje tid og flid på desse verka, som for meg framstod som rableri etter innfallsmetoden.

Kvelden før fekk eg ei omvising på skulen, som er teikna av arkitektfirmaet Snøhetta. Eg fotograferte flittig; Pappkrus, ballongar og emballasje, interiør. Emballasjen vart eg usikker på, om det var eit kunstverk eller noko som skulle kastast.

Etter høgtida på kunsthøgskulen var eg innom Kunstgarasjen, der fagpersonale på kunsthøgskulen stiller ut eigne arbeid. Ei av dei er Sabine Popp, som har stabla nokre paller og plassert ein videomaskin på toppen. For meg var det uråd å fatta intensjonen utan den korte innføringa i programheftet, og knapt nok då.

Det boblar inni meg av hovmod og undertrykt latter, men bak meg står Montaigne.

 

Teksten og bildene er hentet fra fotobloggen Obsfoto, og er gjengitt med fotografens vennlige tillatelse.

Les også

-
-
-
-
-

Les også