Eg vil med dette gjere Valstyret merksam på at eg ved valet diverre ikkje finn å kunne stemme på nokon av partia som stiller til val i valkrinsen. Sidan dette er ei drastisk avgjerd i eit demokrati finn eg det naudsynt å forklare kvifor. Eg vil samstundes oppmoda andre veljarar som har det på same vis til å møte fram og grunngje kvifor dei ikkje stemmer. Partia bør få vite kvifor veljarar ikkje kan støtte dei i val. Ein kan jo alltids vone at dette kan føre til auka sjølinnsikt og ny kurs, men diverre trur eg ikkje at partia eig den naudsynte intellektuelle krafta til å forstå kritikken. Eg voner eg tek feil.
Parti og ideologi:
Partia har ikkje lenger eit klårt mandat fra veljarane. Dette syner seg i at partia ikkje lenger har ein klår politisk ideologi som kan grunngje standpunkta deira andsynes veljarane. I staden har vi fått ein lovnads- og utdelingspolitikk. Partia lover ymse grupper føremoner i håp om å få deira stemmer. Desse løfta spegler sjeldan ein politisk ideologi, men verkar snarere å vere populistiske ”ad hoc” løysingar på saker som har vorte bore fram i media.
Ein veljar kan ikkje lenger ut fra ideologi vite korleis eit parti vil løyse eit politisk spørsmål.
Takket vere den velsmurde oljeøkonomien i landet kan overbudspolitikken i ei viss mon verke, utan at ein treng å grunngje smertefulle politiske prioriteringar. Jfr. denne mykje brukte talemåten: ”Dette har vi råd til i verdens rikeste land”.
Denne haldninga har ført til at partia har tapt sin politiske identitet og framstår no grå, utan kontur og evne til å stå for klare prinsipp. Dei dynger honnørord over veljarane og voner at valet vil gje utteljing på gode lovnader.
Eg lengtar etter viljen til å ta ideologiske standpunkt uavhengig av om det er populært eller ikkje hos veljarane. Makt utan eit klart mandat er ikkje demokrati, men tyranni.
Politikarar og politikarforakt:
Det offentlege ordskifte har betydd mykje for utviklinga av det norske samfunnet. Dette ordskiftet er no truga av det symbiotiske samrøret mellom politikarar og media. Politikarane nytter eit kvart høve til å presentere seg i media utan omsyn til samanheng. Eg vert uglad og spysjuk når media og politikarar plagar meg med kvar dei ferierar, kva slags musikk dei liker, kva dei et til middag osb. Dette er ei korrupt utvikling.
Vi treng politikarar som vågar å seie nei til alt media kan finne på for å skapa uinteressant underhaldning. Spar meg for denne ekle, emosjonelle, privatiserte, politiske offentlegheita.
Mange skjøner ikkje kor farleg forvitringa av det offentlege ordskiftet er for demokratiet.
Politikarane skal målbære sitt syn på staten og dei offentlege sakane (res publica) alt anna er utan interesse for meg og dei fleste andre veljarar. Det verste eg veit er politikarar som får ros av media for ”å ha våget å gi av seg selv”, som det heiter fra den kanten.
Andre sjukdomstegn i tida er den snevre rekrutteringa til politikarkorpset. For ein observatør kan det verka som om innavl er satt i system.
Ordskiftet politikarane imellom er ofta prega av kjekling og uvilje mot å syne storsinn når dei møtes. I ei ideell verd burde dei beste borgarane vere våre representantar. Diverre har eg ikkje inntrykk av at det er slik i dag.
Statskunnige kan skrive bandsterke verk om det eg har freista å målbere her. Eg kunne og utdype dette brevet med fleire moment og grundigare argumentasjon, men av di plassen er avgrensa får ovanståande greie seg for denne gongen.
Med beste helsing frå
Bård Folkeson