Det er snart eit val igjen, riktig nok eit lokal- og fylkestingsval, men det er likevel aktuelt å spørje kvifor politikare oppfører seg som nyttige idiotar på kostnad av eigne innbyggjarar?

Definisjon nyttig idiot: Et uttrykk som brukes i politisk sjargong for å betegne noen som, gjennom sine holdninger og handlinger, ubevisst støtter eller hjelper en tredjepart som de i utgangspunktet ikke hadde til hensikt å gi støtte.

Spesielt på riksplan er det naturleg å stille eit slikt spørsmål, men kva med dei lokale politikarene som no står på val?

For å seie det rett ut, så er eg lei:

  • Politikarar som deltek i eit klimahysteri som ikkje har rot i verkelegheita
  • Eg er lei politikarar som brukar milliardar på totalt nyttelause klimatiltak og såkalla grønt skifte
  • Eg er lei politikarar som stadig vekk bevisst gjer det vanskelegare for industrien, dei svake og eldre i Norge med sin meiningslause skatte- og avgiftspolitikk
  • Eg er lei politikarar som tenkjer mest på sin eigen politiske karriere og oppfører seg som ein nyttig idiot

Og kva kan ein så gjere med det?

Jau, ein kan protestere. Ikkje berre gjennom val, men også via media, skulle ein tru? Dessverre viser det seg at å gå via riksdekkande kanalar og aviser er nyttelaust. NRK er ein statsstyrt kanal heilt på linje med dei ein ikkje ønskjer å samanlikne seg med. NRK lagar ikkje program eller tek inn innlegg av nokon art som går imot regjeringa sitt gjeldande syn, spesielt på klima.

Når det gjeld aviser, så er over 80% av dei riksdekkande avisene dessverre styrte av ein eigar og han er heilt avhengig av presse-støtta. Regjeringa styrer støtta og kva seier det? Ein får ikkje inn noko der som ikkje passer regjeringa sitt syn.

Kva så med den største galskapen som er sett i system i den moderne tid: Ei påstått klimakrise med eit påfølgjande såkalla reddande grønt skifte? Ei krise med utgangspunkt i utslepp av karbondioksid, CO2, som er ein livsviktig klimagass. Det er uforståeleg at nokon med vitet i behald kan tru at den vesle delen av CO2 som menneske slepper ut, skal styre klimaet på jorda. Det finst ikkje eitt einaste bevis for den påstanden. Delen av menneskeskapt CO2-utslepp er på berre 0,0016% av lufta, pekurande lite.

Klimavariasjonar har det alltid vore, og det kjem det framleis til å bli. Det skandaløse CO2-klimahysteriet er berre ein utspekulert måte å krevje inn avgifter og undertrykkje befolkninga på, og dei rike vert rikare.

Om det så var, at karbondioksid hadde påverknad på klimaet, kvifor gjer ikkje dei som verkeleg slepper ut CO2 noko meir?

At norske politikarar trur vesle Norge som slepper ut 0,015 % av det totale utsleppet, skal redde verda, er vanskeleg å forstå. Politikarane har dessutan lova å redusere desse utsleppa med 50% innan 2030, best i verda. Kvifor denne lovnaden? Og kva er vitsen med å bruke milliardar på tullete klimamål, mål ein umogleg kan oppnå?

Norge som ikkje har eigen atmosfære ein gong? I høve Parisavtalen skal Kina som er ansvarleg for 30% av utsleppa i verda, ikkje redusere, men sleppe ut 450% meir. Vietnam, f.eks., har lova å auke sine utslepp med 1164%, India som er den 3. største utsleppsnasjonen av CO2, skal auke sine med 495%? Kva er det Norge med sine 0,015% held på med og brukar milliardar på?

Er folk verkeleg klar over kor mange milliardar regjeringa brukar på dette nyttelause og uforståelege grøne klimaskiftet? Fleire 100-milliardar som heller kunne vore til hjelp for innbyggjarane i Norge.

Kanskje på tide at «folk flest» vaknar opp og set foten ned for det meiningslause politikarane, med støtte av kapitalkreftene, held på med. Vi har inga klimakrise, men vi har ei krise i sunn fornuft og ærlegheit.

Det er snart eit val igjen. Men kva/kven skal ein stemme på? Sjølv om det no er eit lokalval, så kan det vere på sin plass å minne om politikarane sitt forhold til å vere ein nyttig idiot.

Dessverre syner det seg at av 169 representantar, er no om lag 145 med i den største gruppa på Stortinget: Stortingets Europabevegelse. Ei gruppe oppretta ulovleg på Stortinget ved eit konstituerande møte den 7. mai 1969. Gruppa har som formål å få Norge inn i EU, sjølv mot folkets vilje. Dette er det ikkje mange som veit, og resultatet ser vi. Norge har gjeve frå seg all styring, Norges grunnlov er forlengst underordna EU og verre ser det ut til å bli. Å feire 17. mai for Noregs grunnlov er no vorte ein illusjon, Norges grunnlov er underlagt EUs regelverk. På tide å vakne for den som ønskjer eit fritt Norge.

For å få styringsretten og grunnlova tilbake, må Norge seie opp EØS-avtalen. Skal ein få det til, må dei etablerte politikarane ut, eller ny folkeavstemming. Eit nytt parti mot EØS som no kjem for fullt, er Industri- og Næringspartiet, INP. Eit parti som det er vel vert å støtte, dei stiller ikkje med eiga liste i Gloppen, men har liste for fylkestinget. Støtt INP om ein vil ha tilbake sjølvstyre og framleis næringsutvikling i Norge.

Bjørn Aage Eide, Bergen.

Innlegget sto først på trykk i Firda Tidend, 31. august, og er gjengitt med forfatterens velvillige tillatelse.

Les også:

Båndene er tette mellom mediene og det klima­industrielle kompleks

 

Avståelse av suverenitet til EU foregår raskt og på mange områder, uten reell debatt

Støtt Document ved å kjøpe bøker fra Document Forlag!

Kjøp «Et varslet energisjokk»!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.