En kommentar i Stavanger Aftenblad siterer fra Amin Maaloufs bok «Verden i ubalanse». Her nevnes to viktige momenter som også Vesten har fått merke: dyrkingen av den falne helten og religion som territoriet man kan dyrke og ekspandere, og identifisere seg med.

«Den arabiske verden befinner seg ( …) på et bunnivå, den gjør skam på sine sønner, sine venner og sin historie,» skriv den fransk-libanesiske forfattaren Amin Maalouf i boka «Verden i ubalanse» (Pax 2010).

Den libanesiske redaktøren Rami G. Khouri har djup respekt for dei arabarane som framleis, mot alle odds, prøver å byggja demokrati og eit sivilt samfunn. Men dei støyter mot ein mur så snart dei utfordrar den etablerte makteliten i statsapparatet eller økonomien. Derfor endrar samfunnet seg bare på overflata – også arabarane får kjøpesenter, minibankar og kjedebutikkar, men verkeleg, djuptgåande reform blir stoppa av mennene med gevær, skriv Khouri.

Arabarar flest er pinleg klar over samfunnsforfallet. Det pregar sjølvbildet og skaper ein offermentalitet. «Enhver araber har en fallen helt i sitt indre,» seier Maalouf. Hos mange blir resultatet ein destruktiv sjølvforakt, som kan slå ut både i eit ønske om å hemna seg på verda, og eit ønske om å utsletta seg sjølv. Den ekstreme varianten av denne psykologien er sjølvmordsbombaren.

Og her snakkar me ikkje nødvendigvis om dei fattige og ressurssvake. Den norske sosialantropologen Unni Wikan følgde menneska i ein bydel i Kairo gjennom fleire tiår. Dei personane som utvikla størst sympati for ekstremisme og terrorisme, var unge menn som hadde fått utdanning og som opplevde å stonga hovudet mot eit korrupt samfunnssystem.

Renessansen for islam, særleg i meir ytterleggåande og fundamentalistiske former, er ein del av dette bildet:

«Etter hvert som arabernes situasjon forverres og etter hvert som deres hærstyrker blir slått ned, landområdene erobret, folkene forfulgt og ydmyket, etter hvert som motstanderne framstår som allmektige og overlegne, blir religionen som de har gitt verden det eneste territorium der de fremdeles har selvrespekten i behold,» skriv Amin Maalouf.

Men islamsk fundamentalisme, om enn av det fredelege slaget, ser bakover og innover, og er til lita hjelp på vegen mot modernisering. Det betyr ikkje at islam er eit avgjerande hinder for reformer, meir enn kristendommen i si tid var det i Vesten. Det er samfunnstilstanden som fremjar konservative variantar av islam som er problemet.

«Måten religionen oppleves på i de muslimske landene forteller om hvilken historisk bakevje disse folkene befinner seg i. Om de bare kom seg ut av den, ville de finne koranvers som innbyr til demokrati, til modernitet, til verdslighet, til sameksistens og som oppmuntrer til kunnskap og lovpriser livet selv,» påpeikar Amin Maalouf.

Og vegen ut av bakevja må vera arabarane sitt eige verk. Andre kan ikkje gjera det for dei.

Arabisk fallitt

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.