Kunstig intelligens har sine sider. Her er svaret eg fekk då eg spurte roboten: “Partiet De Kristne (PDK), som nå heter Konservativt, er et norsk politisk parti med et kristenkonservativt verdigrunnlag. Partiet ble stiftet i 2011 og har sitt utspring i en reaksjon mot at Kristelig Folkeparti (KrF) var blitt distansert fra tradisjonelle kristne kjerneverdier”.
Eg har mange vener som engasjerer seg i partiet Konservativt, og seier til dei eg heier på alle kristne idealistar. I 2011 vart eg forsøkt rekruttert inn i partiet av min gode ven Terje Simonsen, som også i si tid arbeidde for Bladet Sunnhordland, avisa på Stord. Med seg inn i dei frie evangeliske forsamlinger i Møllergata i Oslo, kom Simonsen saman med dåverande pastor Erik Selle. Eg sa til dei: “ Ein ting har eg mot dykk. De har ikkje greie på politikk. Politikk handler ikkje om å ha dei rette meiningane, men om evnen og viljen til å ta makt”. Simonsen forklarte at eg ikkje forstod meg på det profetiske. “ Visjon Norge seier vi skal få 6,6 prosent ved valet”. Eg forklarte Simonsen at han med dette utsagnet stadfesta poenget. “Pastorar bør ikkje drive med politikk. De kjem ikkje til å kome over 1 prosent. De er og vil forbli eit internt oppgjer i KrF”.
Det var veldig kjekt å være til stades på Konservativt sin konferanse på Credokirken i Bergen. Veldig mykje bra. Partiet sin leiarskap fokuserte på at dei ville ta veljarar frå både FrP og heimesitjar-partiet. Ein slik strategi er i seg sjølv ei politisk sjølvmotseiing for den som vil ha kristen formålsparagraf attende i skulen. Då desse to partia vil ha både sprit, porno og norske flagg. Dei kjøper ikkje bodskapen som vart lagt fram i ei karismatisk frikyrkje på Kristi himmelfartsdag. Skivebom. Feil arena og feil dato.
Den store tragedien i norsk politikk, er mangelen på eit sekulært parti med eit nasjonalt-konservativt verdisyn. Som kristne kan finne seg heime i. Som det Republikanske partiet i USA. Slike parti har blitt store i Sverige, Tyskland og Frankrike. Den uendelege, og veldig sære interne striden i Kr.F-landskapet, gjer opprettinga av eit slikt parti i Norge nesten til fri fantasi. Den skadelege borgarkrigen i KrF sine rekkjer har no pågått i 14 år, og politisk kristendom kan til sist bli ståande utan representasjon på Stortinget. Som kristen sionist burde eg ha slått meg til ro i partiet Konservativt, som deler mitt sionistiske engasjement. Men kva har Benjamin Netanyahu sin rådgjevar å bestille på eit offentleg politisk møte i Credokirken å gjere? Dersom føremålet var å sikre posisjonen som eit micro-parti, var dette ein inner-tiar. Det finnes mange israelske røyster. Kva med å sleppe til ein leiar for den sionistiske nasjonale religiøse rørsla i Judea og Samaria? Eller ein forfulgt messiansk jøde, som opplever å bli trakassert av den israelske staten? Ny kunnskap om Netanyahu sitt styre kunne, kanskje fått stor merksemd både i Bergensavisen (BA), avisa Dagen og Palestina-komiteen? Men heller ikkje eit slikt sjakktrekk ville fått Konservativt inn på Stortinget.