
To L-forma kompleks skal oppførast til innkvartering av flyktningar midt i eit over hundre år gamalt bustadområde i Berlin. Stillbilete: AfD Fraktion Abgeordnetenhaus Berlin / YouTube.
Det skapte stort sinne blant dei fastbuande i bydelen Pankow, nord i Berlin, då det statlege utbyggjarfirmaet Gesobau i 2017 presenterte ein plan for oppføring av utleigeleiligheiter i eit grøntområde (eit såkalla Innenhof), midt blant dei eksisterande – rundt hundre år gamle – bygardane.
Også bydelspolitikarane var skeptiske, og saman med dei næraste grannane vart eit kompromissforslag lagt fram, der antal leiligheiter om lag var halvert.
Etter at kompromissforslaget vart oversendt til myndigheitene i Berlin, vart det stille både frå utbyggjar og frå bysenatet, men i desember 2022 slo bomba ned: No hadde sentrale politikarar plukka fram dei opprinnelege planane frå skrivebordskuffa og funne ut at det i staden for utleigeleiligheiter skulle byggjast ein heim for rundt 400 flyktningar.
Sonderbaurecht
Heimel for ei slik handling har dei statlege myndigheitene i ein «Sonderbaurecht» (særskilt byggjelov) – og verken bydelspolitikarar eller fastbuande har noko dei skulle ha sagt om «Mor Stat» finn det for godt å nytte denne lova.
Allsidig argumentasjon
I regi av gruppa «Grüner Kiez Pankow» vart 2750 underskrifter samla inn i september i fjor. Hovudargumentet er ein protest mot at 66 tre må fellast og at dette både vil forringe klimaet og fordrive fugle- og dyreartar. Også ein populær leikeplass må vike om utbygginga vert realisert. Eit anna argument er at ubrukte og/eller nedlagte industriområde er langt betre eigna til oppføring av nybygg enn ei fortetting av gamle, hevdvunne bustadområde.

Mellom Ossietzkystraße og Kavalierstraße i Pankow er staden der asylmottaket truleg vert oppført. Dei gule X-ane på trea, syner kva tre som står i fare for å bli felt om fortettingsplanane vert gjennomførte. Mannen den førstnemnde gata er oppkalla etter, ser også ein smule skeptisk ut … Foto: Håvard Hedde.
Ei påminning om at infrastrukturen i området (særleg gjeld dette skule- og barnehageplassar) ikkje er tilrettelagde for ein så stor tilvekst, vart enkelt imøtegått av bysenatet: I staden for flyktningfamiliar ville ein utelukkande tilby einslege menn plass i mottaket!

From left, front row, Iris Spranger, Berlin Senator for the Interior and Sports, Franziska Giffey, Berlin Senator for Economics, Energy and Operations, Kai Wegner, Governing Mayor of Berlin, Stefan Evers, Berlin Senator for Finance, Felor Badenberg, from left, second row, Berlin Senator for Justice and Consumer Protection, Joe Chialo, Berlin Senator for Culture, Engagement and Democracy Promotion, Ina Czyborra, Berlin Senator for Health, Science, Nursing and Equality, Katharina G’nther-W’nsch, Berlin Senator for Education, Youth and Family, Cansel Kiziltepe, Berlin Senator for Labor, Social Affairs, Diversity, Integration and Anti-Discrimination, Manja Schreiner, Berlin Senator for Transport, Environment and Climate Protection, and Christian Gaebler, Berlin Senator for Urban Development, Building and Housing, stand on the steps in the Rotes Rathaus as the new senators, in Berlin, Thursday, April 27, 2023. (Annette Riedl/dpa via AP)
Ansvarleg Berlin-senator for arbeid, likestilling, integrasjon, mangfald og antidiskriminering, Cansel Kiziltepe (SPD), hissa på seg demonstrantane då ho som følgje av å ha fått negative tilbakemeldingar på dette siste drastiske vedtaket, anklaga dei for å vere framandfiendtlege – såkalla nimby-ar («not in my backyard»).
Offisielt har ikkje dette argumentet vore nytta i det heile, men anonymt har fleire bebuarar både ytra sterk skepsis og regelrett angst for kva slag grannar dei vil få. «Dette endrar alt her. Eg vet ikkje om eg framleis vil bu her eller føle meg trygg om ei så stor gruppe einsamkomande framande menn vert våre næraste grannar», seier ei kvinne. «Dette løyser ikkje problemet. Mennene vil definitivt få seg ei kone på eit tidspunkt, og dei vil så få born som treng både barnehage- og skuleplass», seier ein eldre mann.

Rundt denne hestekastanjen samlar dei fastbuande seg regelmessig til ulike sosiale aktivitetar og til planlegging av nye protestar. «Die Linke»-politikaren Gregor Gysi tok i september 2020 på seg fadderrolla til treet. Han er ein av fleire prominensar og kjendisar som er innbitte motstandarar av utbyggingsplanane. Foto: Håvard Hedde.
Antal flyktningar dobla frå 2022 til 2023
I Berlin er mangelen på leiligheiter skrikande, og leigeprisane har meir enn dobla seg dei siste ti–tolv åra. Og skal ein kjøpe seg ei leiligheit, har prisstigninga vore endå brattare: Prisane pr. i dag er tre–fire gongar høgre enn for femten år sidan. Og med ein tilsynelatande evigvarande straum av flyktningar frå MENA og Ukraina, er etterspurnaden etter husvere dramatisk – ikkje minst av di antalet flyktningar dobla seg i fjor i forhold til året før.
Områda er inngjerda og videoovervakte
Ifølgje representantar frå Gesobau har anonyme trusselbrev blitt mottekne, og arbeidarar har måtta tåle til dels skarp kritikk frå enkelte av dei rundt 600 grannane som er direkte råka av utbygginga.
For å hindre hærverk og tjuveri, beslutta firmaet difor for nokre månader sidan å gjerde inn dei to områda som skal byggjast ut. I tillegg er det påkosta videoovervaking og sporadisk fysisk vakthald, også med hundar.
AfD med YouTube-film
Dette siste har Alternative für Deutschland (AfD) gjort eit poeng av, då dei i november i fjor lanserte ein YouTube-film om saka, med den dramatiske tittelen «Kampfhunde gegen Anwohner» (kamphundar mot bebuarar). Her diskuterer og kritiserer Bundestag-representanten dr. Götz Frömming og lokalpolitikaren Ronald Gläser (begge AfD) utbyggingsplanane, og dei samtalar med nokre av dei nære grannane – dei fleste av desse vel å framstå som anonyme.
Avgjerda ligg hjå rettssystemet
Forsøk frå lokale representantar på å få borgarmeister Kai Wegner eller nokon frå leiinga i Gesobau i tale, har blitt avvist. Saka ventar no på ei endeleg avgjerd i rettssystemet. I januar vart ein protest mot trefellinga avvist av Forvaltningsdomstolen.
Men siste ordet er framleis ikkje sagt. «Vi gir ikkje opp», seier Ilka Salz (83) til Document. «Vona vår er det siste som døyr.»

Ilka Salz har budd i området mesteparten av sitt liv, og er svært kritisk til planane. Foto: Håvard Hedde.