13. desember var det i år, som i alle mine leveår Luciadagen. Korleis er praksisen i vårt multikulturelle Norden no for tida? På Bispehaugen skole i Trondheim gjekk 12 år gamle muslimske Duaa fyrst i opptoget, medan i Sverige strauk SVT ordet «Gud» frå Topelius/Sibelius’ ‘Julvisa’.

I gamlelandet har eg sjekka statskringkastaren utan å finne noko. Guglar ein, finn ein nokre oppslag frå Alvdal, Selbu og fleire andre bygder. Adresseavisen markerte dagen med reportasje om jenta med namnet som tyder bøn, i islam, framst i prosesjonen på Bispehaugen skule.

Her eg sit i mitt «eksil» i Berlin minnast eg – som så ofte – forna dar.
«Nærast er du når du er borte», skreiv Tor Jonsson, rett nok i ein annan samanheng, men orda er dekkjande også for mimringa mi.
Innimellom treng ein faktisk avstand for å kome nær. For å forstå.

Frå slutten av åttitalet og ti-tolv år framover i tid, hadde eg tre born som alle gjekk i barnehage i Oslo.

Venskap vart snøgt etablert, både i foreldregruppa og blant borna; fleire av desse består den dag i dag – det er rart med det; i min del av Tigerstaden var samhaldet sterkt og intakt – på folkemunne vart bydelen vår kalla ei «bygd i byen» – dugnadsånda var patent; vi følte vi løfta i flokk, både i kulturlivet, innan idretten og i smått og stort elles.

Den 13. desember, gjekk naturleg nok tankane til alle Lucia-feiringane barnehagane (og førskulen) arrangerte.
Kvitkledde og forventningsfulle born, i prosesjon framfor stolte foreldre og foresatte; eg let att augene og ser dei for meg – med englekransar i håret og levande ljos i hendene kjem dei mot meg – medan dei syng den vakre, vakre Lucia-songen:

Svart senker natten seg
I stall og stue
Solen har gått sin vei,
Skyggene truer
Inn i vårt mørke hus
Stiger med tente lys,
Santa Lucia,
Santa Lucia

Korleis er praksisen i barnehagane no for tida? I det multikulturelle Noreg?

Har også Lucia-tradisjonen måtta vike, for mangfoldet?
I toleransen sitt namn, sjølvsagt…

Men minna mine er evige! Ukrenkelege!
Så eg let like godt att augene ein gong til, og ser straks alle mine tre søte små, stige fram saman med alle venene sine, høgtidssame og høgtidsstemte – vakre og uskuldige som berre born kan vere…

Lat oss lesa Zakarias Topelius‘ tekst til julesalmen som også er kjend under namnet ‘Giv mig ej glans, ej guld, ej prakt’.Den vart skriven i 1897, eit år før Bispehaugen skule vart bygd…

Giv mig ej glans, ej guld, ej prakt
i signad juletid.
Giv mig Guds ära, änglavakt
och över jorden frid.
Giv mig en fest som gläder mest
den konung jag har bett till gäst.
Giv mig ej glans, ej guld, ej prakt,
giv mig en änglavakt.

Giv mig ett hem på fosterjord,
en gran med barn i ring,
en kväll i ljus med Herrens ord
och mörker däromkring.
Giv mig ett bo med samvetsro,
med glad förtröstan, hopp och tro.
Giv mig ett hem på fosterjord
och ljus av Herrens ord.

Till hög, till låg, till rik, till arm,
kom, helga julefrid.
Kom barnaglad, kom hjärtevarm
i världens vintertid.
Du ende som ej skiftar om,
min Herre och min Konung, kom.
Till hög, till låg, till rik, till arm,
kom glad och hjärtevarm.

Les også:

Santa Lucia (c.1630-1650?)

 

Skaff antistoffer mot woke: Kjøp Roger Scrutons bok her!

Kjøp Sir Roger Scrutons bok «Svindlere, svermere og sjarlataner» fra Document Forlag her!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.