Vindturbiner i Midtfjellet vindpark i Fitjar kommune sett fra Tjernagel i Sveio kommune ca. 30 km. unna. Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix.

Folketalet i verda er no om lag 7800 millionar, og det veks kvart år med om lag 80 millionar. Folketalet i Norge er om lag 5,4 millionar. Det tek mindre enn ein månad å dobla det norske folketalet.

Det er viktig å halda fast på storleikane her. Me utgjer under sju titusendelar av folketalet i verda. Som ein relativ rik oljenasjon, har me nok større klimautslepp enn gjennomsnittet. Men i den store samanhengen blir det mikroskopisk lite.

Me har berre ein atmosfære. Utslepp av CO2 vil ha same verknad uansett kvar på jorda det førekjem. Å bruka store resursar på å redusera utslepp frå oljeplattformer, er absurd når me veit at utsleppa berre blir flytta til ein annan stad.

Det er ikkje hysteri å tenkja at 7800 millionar menneske og aktiviteten deira kan ha ein viss innverknad på klimaet. Viss det er tilfelle, så er den sterke folkeveksten og eit stort miljøproblem. Sett opp mot folketalet på jorda, og den enorme folkeauken, er det meiningslaust å tru at 5,4 millionar nordmenn kan gjera nokon skilnad, og å føreslå at me skal gå langt føre dei andre i å redusera utsleppa våre, er hysterisk. Det vil berre øydelegga samfunnet vårt til inga nytte.

Global oppvarming er eit globalt problem, og må løysast av fellesskapet. Resultatet avheng heilt av kva dei store nasjonane gjer. Kva me gjer, vil klimaet og verda ikkje merka noko til. Likevel må me vera med og ta vår del av CO2-kutta, til liks med andre oljenasjonar som til dømes USA og Russland.

Under ser me kva andre land har bestemt seg for å gjera med CO2-utsleppa sine fram mot 2030 (henta frå Nettavisen):

Under ser du løftene fra en del andre land. Endringen er sammenlignet med 1990-nivå.

Australia: Øke med 4-7 prosent
Argentina: Øke med 80 prosent
Mexico: Øke med 72 prosent
Chile: Øke med 151 prosent
Brasil: Øke med 76 prosent (løfte gitt før de begynte å brenne ned regnskog)
Tyrkia: Øke med 356 prosent
Indonesia: Øke med 535 prosent
Kenya: Øke med 201 prosent
Etiopia: Øke med 250 prosent
Filippinene: Øke med 0-13 prosent
Sør-Korea: Øke med 78 prosent
Japan: Kutte med 15 prosent
Canada: Kutte med 7-17 prosent
Vietnam: Øke med 1164 prosent
Marokko: Øke med 347 prosent
Saudi Arabia: Øke med opp til 562 prosent
New Zealand: Øke med 72 prosent
Peru: Øke med 143 prosent
Emiratene: Øke med 396 prosent
Kina: Øke med 450 prosent
India: Øke med 495 prosent
EU: Kutte med 40 prosent
USA: Kutte med 10-17 prosent (har trukket seg ut av avtalen)

Me ser at store, høgt industrialiserte land som USA og Canada og Japan skal kutte med maks 17 prosent, og Australia skal auka med 7 prosent. Mange land i Asia skal auka med fleire hundre prosent.

På denne bakgrunnen er det absurd at me som ein liten oljenasjon skal leika føregangsland, og gjera oss til latter for heile verda, og samstundes gjera ende på velstanden og fridomen vår. Det er meir enn hysterisk. Det er eit svik mot folk og land.

 

Kjøp Halvor Foslis nye bok her!




Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.