Trump-administrasjonen har fått coronaepidemien i fanget. På pressekonferansen onsdag fikk visepresident Mike Pence oppdraget med å lede arbeidet. Foto: Carlos Barria/Reuters/Scanpix

Det tidlause klagemålet mot republikanske presidentar (Nixon, Reagan, Bush 1 og 2) ser ut til å ha nådd nye høgder under president Trump. Kritikken går på autopilot både i nord-amerikanske og vest-europeiske media. Som media, så folket.  Ja, han er enkel i retorikken, blir av mange sett som vulgær og ulideleg, og er ein sjeldsynt skrytepave. På toppen stiller han med ein dum sveis, tek ikkje imot løn, er fråhaldsmann døgnet rundt, og er likevel glad i pene damer. Uff!

Som historikar og tidlegare folkevald ville eg ha sett pris på ein samfunnsdebatt med meir nøktern vurdering av kva Trump har oppnådd så langt, gjennomføring av lovnader han gav veljarane, – og sjå seriøst på kva alternativ utfordrarane har å by på når det gjeld plattform og programpostar (inkludert prisliste).

The Trump Administration har hittil fått næringslivet opp og stå; fire millionar menneske vekk frå matkupongane og over i arbeid; den lågaste arbeidsløysa i landet i manns minne (også med rekord i sysselsetjing for minoritetsgruppene); minsteløna godt opp over heile fjøla; talet på nye produksjonsbedrifter har auka med 14.000 (i dei to førre periodane var det ein nedgang på 40.000); deregulering og avbyråkratisering; kome seg ut av det arabiske olje-strupetaket  og sjølv blitt energieksportør; – alt dette basis for ny styrke. I tillegg ein serie friske utanrikspolitiske initiativ, men som mange veljarar bryr seg mindre om. Derimot er det store fleirtalet opptekne av økonomi, forsvar, fridom, justis, rettsvesen, skulegang, religiøs tru og familieverdiar, og at ungdomen ikkje skal bukke under av stoff og kriminalitet.

Forfattaren Joseph Conrad brukte det sjeldne uttrykket «exuberance» då han i ein novelle skulle karakterisere ein rollefigur som var utrøytteleg, energisk og framgangsrik.  

Merittlista for Trump-administrasjonen inneheld per dags dato over femti positive strekpunkt.  Lista viser sikkert òg ein god del negative punkt, alt ut frå augo som ser. Men viktig er det at mange av desse positive trekka er uomtvistelege. Difor bør ikkje slike fakta føysast vekk med ein harelabb, men takast på alvor og gå inn i ein sakleg og opplysande samfunnsdebatt.

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.