Øyeblikket

Ramadan går mot slutten.
Her i Berlin høyrer vi det godt.

Ein månad i den ytterste naud, med faste frå «morgon til kveld», er så å seie over.

At Allah fann det for godt å «stige ned frå oven» og fortelje muslimar som av ulike årsaker bur nord for Polarsirkelen, at det er heilt greitt å unngå forbodet om å faste frå soloppgang til solnedgang – har truleg redda mange muslimar frå tørstedauden.

Godt då, at han (Allah) simultant fortalde dette i openberringar til eit hundretals imamar samstundes, og ikkje minst til Khomeini, som med sin lune kommentar og gode smil tok dette til etterretning og let antifatwahen lyde.

Dei som framleis meiner at islam er ein religion, må vere indoktrinerte frå fødselen av. Som vi sunnmøringar, som får tre lag «beis» rett etter ankomst til denne verda, for å halde oss tørre når det regnar og stormar som verst. Og det gjer det jo. Heile tida.

Bøneropa i «das Hinterhof» er meir høglytt enn den berømte konserten til Deep Purple (in Japan). Lukta av halal-kjøt frå grill og kva det no er, ligg som eit teppe over halve Berlin.

Noko å tenkje på for vår klimaveninne frå Sverige.