Sakset/Fra hofta

14. februar er det 30 år sidan ayatollah Khomeini i Iran utlyste ein fatwa mot forfattaren Salman Rushdie, og mot oversetjarar og forleggjarar av boka «Sataniske vers».

I den komplekse boka skildrar Rushdie mellom anna ein episode frå då Muhammed mottok openberringane som ligg til grunn for teksten i Koranen. Ein av boka sine protagonistar – Gibreel – drøymer at ein person som forestiller Muhammed, har motteke ei openberring som var i strid med M si lære om at det berre eksisterar ein Gud. Ein engel fortel så til Gibreel at det var Satan som hadde frista han til å skrive «Sataniske vers». Ein del av handlinga foregår på eit horehus, der dei prostituerte har fått namn etter Muhammed sine koner.

Innhaldet vart rekna som blasfemisk

Allereie i september året før, vart boka utgjeva på engelsk, av Penguin forlag. Ni dagar seinare – 5. oktober – vart boka forboda i India (forfattaren sitt heimland), og i november fylgde fleire land etter – m.a. Bangladesh, Egypt, Malaysia, Saudi-Arabia, Somalia og Sør-Afrika. Årsaka til reaksjonane var at boka sitt innhald vart rekna som blasfemisk

Situasjonen eskalerer

På grunn av voldsomme demonstrasjonar frå rasande muslimar, vedok Storbritannia si største bokhandlarkjede – W. H. Smith – å fjerne boka frå sortimentet i to av sine bokhandlar i Nord-England. Og 14. februar utlyste altså ayatolla Khomeini sin fatwa mot forfattaren, oversetjarane og forleggjarane av boka.

Utanriksdepartementet vik ikkje ein tomme
Etter eit møte med ein representant frå den iranske ambassaden 17. februar, fortel pressetalskvinne i UD, Sigrid Romundset, følgjande til NTB: «Norge tar avstand fra ethvert forsøk på å true forfattere eller forleggere. Vi har verken noe ønske eller anledning til å henstille til Aschehoug Forlag om å ikke gi ut boka «Sataniske vers». Dette utløyste ein muntleg protest frå den iranske ambassaden.

Roald Dahl aksjonerer – «for å redde liv»
Forfattaren Roald Dahl ber Penguin forlag (som også er Dahl sitt forlag) om å stanse utgivelsen av «Sataniske vers», og å makulere eksisterande opplag. Dette for å redde liv, seier Dahl. Og i Oslo stadfestar religionsforskar og islamspesialist Kari Vogt at Khomeini sin dødsdom ikkje berre er symbolsk meint, men må reknast som ein reell trussel.

Muslimar i Noreg diskuterer felles offensiv
Representantar frå dei ulike muslimske trussamfunna i Noreg, møtest i Oslo 17. februar, for å diskutere ein felles offensiv mot den planlagte lanseringa av «Sataniske vers» i Noreg. I Kanada har regjeringa inntil vidare stansa innføringa av boka; dei vil undersøkje om boka strir mot ei lov om spreiing av hat-litteratur.

«All reklame er god reklame»
Dagens Næringsliv opplyser 18. februar at ayatolla Khomeini har gjort ein kjempeinnsats i markedsføringa av «The Satanic Verses» – i USA er fleire bokhandlar allereie utselde, og nye store opplag er bestilt. Same dag gav imidlertid dei to største bokhandlarkjedene i USA ordre om å fjerne boka frå hyllene.

Tema også i Stortinget sin spørjetime
SV sin representant Hanna Kvanmo, spør utanriksministeren (Thorvald Stoltenberg) om Noreg vil vurdere å bryte dei diplomatiske banda med Iran. To dagar seinare, den 21. februar, vedtek Regjeringa å kalle heim den norske ambassadøren til Teheran. Dette i protest mot Khomeini sin dødsdom, ifølgje NTB.

Muslimane mobiliserer
Norske muslimar oppfordrar Regjeringa til å forby import av «Sataniske vers», og ber forlagssjef William Nygaard i Aschehoug om å stoppe utgivnaden av boka. Muslimane i Noreg, om lag 26.000 personar, stiftar ein ny organisasjon – «Det islamske forsvarsråd i Norge»; og via denne organisasjonen fordømer dei (den komande) utgivnaden av «The Satanic Verses» skarpt. Dei meiner boka hånar og krenkar islam. Laurdag 25. februar demonstrerer 3.000 muslimar – frå 26 muslimske organisasjonar – i Oslo med krav om forbod mot å utgi boka i Noreg.

Så går det slag i slag
21. februar: Den norske PEN-klubben forsvarar og støttar Rushdie og utgivarane av boka. 22. februar: Syed Bokhari og Rafid Bhatti, representantar for Ap i Skedsmo herredsstyre, støttar Khomeini sin dødsdom offentleg. Annette Thommessen i NOAS meiner dette er utslag av fanatisme, og at det skadar flyktningarbeidet i landet. Dagen etter sit dei to representante i avhøyr hjå politiet, og statsminister Gro Harlem Brundtland tek sterk avstand frå støtteerklæringane deira.

Proklamasjon frå «Det islamske forsvarsråd i Norge»
I ein pressekonferanse kvelden 22. februar, uttalar «Det islamske forsvarsrådet i Norge», ved talsmann Alama Mushtaq Ahmed Chishti følgjande: «Norge er et ikkeislamsk samfunn. Islam pålegger muslimene som bor i eet ikke-islamsk land å respektere det landets lover». Samstundes gjer imidlertid rådet det klart at å ærekrenke ein profet er så alvorleg at det er tillate å myrde den som gjer dette. Det er derimot ikkje tillate å gjere dette på eiga hand i eit land der dette vil representere eit brot på lova.

Den norske utgåva vert lansert

12. april vart «Sataniske vers» utgjeva på norsk, i eit førsteopplag på 14.000 eksemplar. Lanseringa kom overraskande på dei fleste (offisielt skulle boka først utkome i juli), dette av di Aschehoug hadde framskunda utgivnaden, og at boka var blitt trykt på hemmeleg stad. Fem dagar seinare vart to bokhandlar i Oslo satt i brann. Pocketutgåva vert utgjeva i mars 1990.

Fatwaen sine offer
I 1991 vart ein av dei italienske oversetjarane angripen med kniv i sin eigen heim. Mannen overlevde skadene, men det gjorde ikkje den japanske forleggjaren, som berre ei veke seinare vart drepen i eit knivangrep. I juni -93 mista 37 menneske livet i eit attentatforsøk på Aziz Nesin, den tyrkiske oversetjaren av boka. Nesin sjølv overlevde. Og vi kjenner vel alle historia om «vår eigen» forleggjar, forlagssjef William Nygaard i Aschehoug forlag, som den 11. oktober 1993 vart offer for eit attentat utanfor bustaden sin i Dagaliveien i Oslo. Nygaard vart livstruande skada etter å ha blitt truffen i ryggen av tre kuler, men overlevde mordforsøket.

Den iranske regjeringa slår ikkje kontra
I 1998 kunngjorde den iranske regjeringa at dei verken ville støtte eller hindre forsøk på å drepe Rushdie. Myndigheitene i Teheran har imidlertid alltid hevda at ein fatwa ikkje kan tilbakekallast av andre enn den som utlyste den. Ayatolla Khomeini døydde i juni 1989.

Oppsummering
3.000 muslimar demonstrerte altså mot boka i Oslo sine gater, laurdag 25. februar 1989.
På dette tidspunktet var uttrykka «islamsk fundamentalisme», «radikal islam» og «politisk islam» så å seie ukjende (sjølv om Khomeini etter maktovertakinga i 1979 var pådrivar for ei tilbakevending til shariabasert og arkaisk islam), og terror og terroristar vart stort sett forbunde med IRA.

Men kvar står vi så i dag? Rushdie sjølv har uttalt at «Sataniske vers» aldri hadde blitt utgjeva no. Og kva hadde rådet vore frå Utanriksdepartementet – eller frå regjeringshald?

Eg fryktar svaret er: Ytringsfriheit er haram.

 

Støtt Document

Du kan enkelt sette opp et fast, månedlig trekk med bankkort:

Eller du kan velge et enkeltbeløp:

kr

Du kan også overføre direkte til vårt kontonummer 1503.02.49981

Vårt Vipps nummer er 13629

For Paypal og SMS se vår Støtt Oss-side.