Sakset/Fra hofta

Ein mann i trettiåra frå Moab-slettane i Ebenezer i Tvedestrand skal ha gjort om to liter vin til ei pakke tobakk i helga.

Underet skjedde i tollen på Svinesund litt over klokka elleve laurdag føremiddag.

Mannen, som seier at han er Guds son, seiar at han ikkje var kjend med dei nye tollreglane til KrF og at han difor trudde han kunne ta med seg eitpar ekstra vinflasker inn i Noreg.

Då eg stod i tolllen oppdaga eg at ein ikkje fekk ta med vin, berre sigarettar, seier mannen. Eg røykjar ikkje sjølve, men eg såg inga anna utveg enn å gjera eit under til Guds ære her i tollen på Svinesund og gjorde dei to flaskane med vin om til ei pakke Tiedemanns Gul Mix med dobbelt papir, Rizla.

Heldigvis fekk eg bytta tobakkspakka mot to vinflaskar igjen då eg kom attende på bussen, som kom frå Årjäng kor eg hadde vore og kjøpt billeg sprit og bacon i samband med julehøgtida, seier den glade mannen, som skal feire jula saman med ein tolv-tretten kameratar.