Sakset/Fra hofta

Det skjer noe med folks forhold til Kirken, dvs ikke gudshusene, men det at prestene forsøker å omdanne dem til noe annet vi ikke kjenner oss igjen i. Vi har ikke behov for så mye prat og så mange ord. Det er ikke tilfeldig at kirkeledelsen vil skifte ut de gamle ordene. De passer ikke. De vil ikke snakke om «velde». Nå skal også Fadervår forandres enda en gang, slik at alle rester av gammel språkdrakt forsvinner.

Forfatteren Karin Sveen har noen gode observasjoner i Dag og Tid. Det er ikke lenger et gudshus, men en jesuskirke, og denne Jesus de dyrker kan brukes til hva som helst. Han er hip og cool.

Førre gongen eg høyrde Einar Gelius letta på sløret, var han heime hjå Eli Hagen og åt middag med nokre andre kjendisar. Frimodige Eli sa ende ut at ho trudde på Gud, men då Gelius vart spurd, kunne han ikkje heilt svara. Han fekk det føre seg at valet stod mellom den gamle Gud og Jesus, og måtte medgje at han heldt ein knapp på sonen.

Denne tvilen er truleg ikkje Gelius åleine om. For kyrkja har vorte ei jesuskyrkje meir enn eit gudshus, og difor er det rettare å seia at kyrkja er ugudeleg enn at det norske folket er det.

Gelius var derimot sikker i si tru på at gudstenestene måtte verta meir spennande, men dét fattar eg ikkje, så lenge prestane kan fortelja om at Jesus gjekk på vatnet. Men den godbiten trur eg ingen tør dela med nokon. Slik Jesus vert utlagd, går han mest på gata, grei som ein natteramn. Det nyttar ikkje å mislika han, men å tru på han er verre.

Alvorleg gud
Når statskyrkjeprestane i dag ser folk gå mann av huse til dei katolske kyrkjene, frikyrkjene og moskéane, lurer eg på kva dei tenkjer. Det er ikkje kulturradikalarane si skuld, og arbeidarrørsla har støtt halde seg heime. Like nyttelaust er det å jamra seg over den såkalla sekulære samtida. Dei fleste nordmenn svarar at dei trur på Gud når ein spør og nesten støtt når det verkeleg knip. Den guden er ein alvorleg gud som finn lite atterklang i artige prestar. Den guden er ein kompleks gud som grunnar over tilværet og dei store livsmysteria. Og tek ein det komplekse frå religionen, er ingen ting att.

Kyrkja i fritt fall?
Karin Sveen i Dag og Tid

Les også

-
-
-
-
-
-