Gjesteskribent

«Flickan från KrF, han har inga skruplar kvar, sätter seg i fönsteret, vinkar åt en Gahr…» Tegning: Karine Haaland.


 

Svar til Trude Brosvik (www.dagen.no 17.10.18) og andre som er delegatar til det ekstraordinere Krf-Landsmøte 2. november:

Heldigvis rår ikkje fylkestingsrepresentant for Krf, Trude Brosvik, over kva som er dei «rette Krf-briller», og det viktigaste er som leiaren i Krf-U påpeika ikkje sakene men ideologiskiftet som vil komme om Krf går i Ap-fella.

Det aller viktigaste og mest negative for Krf er om dei går mot venstre. For er det nokon som med handa på hjarte trur at Krf vil få det trygt og godt i Støre si varetekt? Å gje seg sosialismen i vold er å øydelegge Krf sin ideologi. Det har Hareide og andre medsamansvorne bidrege til, og det kan dessverre få si fullending om få dagar, men det er inga skam å snu!

Eg meldte meg ut av Krf i 2009 fordi eg ikkje ville den retninga som Hareide alt då svært tydeleg gjekk i. Å ville verta detaljstyrt av staten er å gje seg i sosialismen si vold, og hengje seg til det partiet som i snart eit hundreår har kjempa for å fjerne kristendommen frå samfunnet likeså. Å gå til høgre sida er å ville slanke staten, satse på frie oppegåande menneskjer som kan skape noko og fullt ut utnytte sitt potensial, og bidra til å bygge samfunnet, nedanfrå.

I fem år har regjeringa vore solid og sterk utanom dei begredelege dagane der media og Krf (Hareide) i lag med Ap nesten klarte å øydelegge ei kvar form for tillit til politikarane i posisjon. Dette med bakgrunn i svært skitne knep som vart tekne i bruk då Frp-politikarar sa sanninga. Tenk å presse ein statsråd til å gå av fordi statsråden snakkar sant, manglar sidestykke i historiebøkene. Og som ei oppsummering, eg trur ikkje Stad skipstunell ville komme nesten nært ei prioritering under ei anna regjering, då hadde det skjedd for lenge sidan t.d. under Gro Harlem Brundtland sitt styre, og det er nokre år sidan.

Partinestor Per Sævik melder seg ut av Krf om det vert ideologiskifte (www.vg.no), for han og svært mange andre skjønar at sosialismen som grunnstein i eit samfunn er eit samfunn der det frie mennesket vert innsnevra snarare enn å kunne utvikla seg fritt, for byråkratiet vil ta overhand og handlingsrommet minke. Høgare skattar skapar t.d. ikkje arbeid. Det er eit meget klart signal frå ein svært sterk Krf-samfunnsbyggar dei siste 50 åra i Noreg og utlandet med rundt 3500 mennesker i sitt daglige arbeid. Det er eit ikkje ubetydeleg samfunnsansvar som er lagt ned også her i Sogn og Fjordane. Ja, det er beint fram ein av dei store merkesteinane som kan verta flytta på, og i min Bibel les eg at ein skal bygge huset på fjell og ikkje på sandgrunn.

Carl Peter Lehmanns portrett av Henrik Wergeland og detalj av Hans Nielsen Hauge i Adolph Tidemands «Haugianerne». Begge fotografier: Wikimedia Commons.

Etter kristendommen si radering ut av norsk skule har vi mista nokon av dei viktigaste ankera i vår kulturarv, arva etter Henrik Wergeland og Hans Nielsen Hauge. Difor vil eg i det følgjande vise litt av kva den arva inneheldt og som vil forsvinne om Krf vel Ap som følgesvein. I Henrik Wergeland si bok «For Almuen» s. 9 finn vi denne betraktninga over Henrik Wergeland sitt største livsmål:

«I mennesket er Jesus kommet igjen, i skarenes hjerter er han oppstanden i levende dåd. Slik er Wergelands drøm om hva sannhet, frihet og kjærlighet til sammen kan utrette»

Denne kjærleik, fridom og sanning fann ein av dei store samfunnsbyggarane Henrik Wergeland i Bibelen. Denne kjærleiken er på veg langt ut av programmet til Ap, og dessverre Krf. Om vi går litt djupare inn i Wergeland si dikting, har vi ein av dei mange nasjonalskattane våre som har avgjerande betydning for Wergeland sitt menneskesyn.

Vi ere en nasjon vi med,
vi små en alen lange,
et fedreland vi frydes ved,
og vi, vi ere mange.
Vårt hjerte vet, vårt øye ser
hvor godt og vakkert Norge er,
vår tunge kan en sang blant fler
av Norges æres-sange.

Mer grønt er gresset ingensteds,
mer fullt av blomster vevet
enn i det land hvor jeg tilfreds
med far og mor har levet.
Jeg vil det elske til min død,
ei bytte det hvor jeg er fødd,
om man et paradis meg bød
av palmer oversvevet.

For med henvising til denne nasjonalskatten vil Krf gjennom å gå mot venstresida gjera det svært vanskeleg for seg sjølv, om det framleis er eit mål å kjempe for dei minste av dei stemmelause, barnet i mors liv. Ein av dei verkeleg sterke verdisakene i vår tid, abortsaka, vil då komme under press i Krf sitt program, og det sluttar dessverre ikkje her.

Wergeland kjempa også imot sin far, prest og eidsvollsmann Nicolai Wergeland, og fekk fjerna jødeparagrafen under tredje avrøysting i Stortinget nokre år etter sin død. At alle rasar skulle verta velkomne i Kongeriket Noreg. Den kristne arva, venskapet og hjarte for Det Heilage Landet Israel viser også Wergeland si haldning til at jødar skulle vera velkomne i Noreg. Vil Israel sin situasjon og det jødiske folk få det betre med Krf i Ap-regjering, eller må Krf følge Støre sine anmodningar og verta enno meir utydeleg og nedtone viktigheten av Israel i framtida? Hareide nemnte ikkje Israel som viktig sak for Krf i si nye bok «Det som betyr noe».

Han har i verkeglegheita «abdisert» som partileiar, for nokon konge vert han ikkje med denne bodskapen – til det er innhaldet for tynt. Men han burde gjera det, han burde snu og kjenne si besøkstid om han vil føre partiet til nye høgder av gamalt format, og då vil sjølv Bondevik verta stolt av sin trugne elev, sjølv om han vann ved å gå til dei «spedalske».

 
 

Støtt Document

Vi setter stor pris på om du kan gi et månedlig beløp. Dette gir oss en forutsigbar inntekt og gjør oss i stand til å publisere mer og bedre.

 

Kjøp Sir Roger Scrutons bok “Svindlere, svermere og sjarlataner” fra Document Forlag her!