Gjesteskribent

Av RAGNAR ULSTEIN

Inn i dette som glitrar så bjart, i eit samfunn, så eineståande produktivt, så ødeleggande rikt at det maktar å forstyrre klimaet på jorda, inn i dette, som om det skulle vere eit vakuum, strøymer millionar av muslimske innvandrarar, dregne hit av eit lys som både er ekte og kunstig, mot Europa. – Sjå eit øyeblikk på Europa av i dag, som ein enorm katedral, der Johan Sebastian Bach spelar og spelar på sine kantatar til Guds ære, i ein katedral med endelause benkerader, fleire og fleire tome. Vil du treffe folk, gå i baren, i pubben, i kjøpesentret.

Ein gong var ikkje benkane tome i dei store og små katedralane. Folk trong Kristus, han som kom til dei fattige, redde, undertrykte, slik nordmennene då var.
Då nazismen fløymde inn over oss, fyltes benkeradene på nytt

Nå trur ein del i dette overflods-øyeblikket i historia, at dei klarer seg utan Kristus, han som berre åtte ordet!

Men i denne tida trengjer ein annan kultur seg inn i Europa, med ein religion som har svar på alt, og er totalitær, ikkje ulik nazismen, fascismen og kommunismen, med militante grupper i utkanten. Dette er vår tids spesielle, uinformerte soldatar, spreidde i små celler over store deler av verda, truleg også hos oss.

Kva svarer vi, nordmenn og andre europearar på dette? Er vi berre redde? Eller får vi
meir luksus, meir entertainment? Skal vi overlate desse spørsmåla til neste generasjon? Eller, som under krisetida 1940-45, fylle benketradene i kyrkjer og andre forsamlingshus, leite framatt fellesskapen, riste av oss prakta, som mange trur kostar oss vår klode?
Gå inn i det herlege, kjempande livet og slåst for det – med ordet!

Mange i vår tids elite står ikkje fjernt frå det nye totalitære. Islamismen har draget på ein del av dei som fall for kommunismen. Men dei missforstår på nytt.
Det er demokratiet med alle sine trådar inn i fredeleg folkeliv, i kultur og kunst som er det spesielle ved Europa, det er verdsarven. Europearane tilbyr det beste dei har, også til innvandrarane. Her har dei full arverett.

Demokratiet er som ei djup flod som renn gjennom samfunnet, og held den som vil med friskt vatn undervegs.