sigurd_allern_s

Foto: Sigurd Allern på skytetrening

I to Brennpunkprogram på NRK i oktober 2006 som omhandla AKP (ml)s vekst og fall, (del 1+ del 2) kom det fram opplysningar som viser at den sentrale leiinga i AKP (m-l) initierte aktivitetar som det er underleg at Lund–kommisjonen ikkje gjorde greie for når den retta så sterk kritikk mot at POT viste så stor interesse for AKP (m-l) som organisasjon og politisk parti. I ettertid er det også nærast uforståeleg at det som kom fram i dei to programma om AKP (m-l)s indre liv, blottlagt av sentrale partimedlemer, ikkje blei følgt opp journalistisk verken av NRK eller andre, endå avsløringane i Brennpunkt opna for at det kunne stillast spørsmål ved sentrale konklusjonar i rapporten til Lund–kommisjonen.

AKP(m-l) infiltrerte den norske FN-styrken i  Libanon

Den 11. mars 1978 gjekk palestinske terroristar til åtak på ein buss om lag sju mil nord for Tel Aviv og myrda 38 sivile israelarar og såra 71. Israel svarte med ein omfattande militæraksjon mot PLO i Libanon. Det internasjonale samfunnet reagerte, og det blei etablert ein fredstyrke i regi av FN, UNIFIL, som skulle ta over kontrollen i Sør–Libanon etter kvart som den israelske hæren drog seg tilbake. Norge var alt den 3. april på plass i Sør–Libanon som del av FN-styrken med det som etter kvart blei ein styrke på nokre hundre mann.

I Brennpunktprogrammet sendt 7. mars 2006 blir det sagt dette:

Da de første norske soldatene skulle sendes til Libanon i 1978 for å delta i FN – styrken, la AKP en hemmelig plan for å infiltrere styrken. Finn Sjue, tidlegare nestleiar i AKP(ml) og mangeårig redaktør av partiorganet Klassekampen, blir intervjua og ordlegg seg slik: -Opprinnelig var vi imot at en slik styrke skulle settes inn, for vi var redd for at den skulle tjene Israel. Men den ble et faktum, og da sa vi som så at der det er mange norske soldater og befal, og det ble jo ganske mange hundre etter hvert, der skal vi være. Og det betød at vi tok konsekvensen av det og gikk aktivt ut i partiet og ba folk melde seg.

ANNONSE

AKP-arane som melde seg til tenste i den norske FN–styrken, blei kalla inn til hemmelege møte arrangert av AKP (m-l) der dei blei instruerte om kva som var venta av dei; og det var i hovudsak to ting: Dei skulle aktivt drive propalestinsk propaganda og spionere på Israel og israelske poisjonar i Sør–Libanon. Ingen soldat eller befal måtte røpe at han var medlem av AKP (m-l). Alt skulle skje i løynd. I Brennpunktprogrammet som omhandlar AKP (m-l)s rolle i Libanon blir målsettinga definert slik:

AKPs soldater hadde blant annet som mål å påvirke de andre norske soldatene slik at disse skulle bli mer vennlig innstilt til den palestinske siden i konflikten……De fikk også tak i mye nyttig informasjon. Dette var informasjon som deres palestinske samarbeidspartnere var interessert i. Det ble etablert egne rutiner slik at AKP–soldatene kunne kommunisere med partiet hjemme i Norge…..I flere år fortsatte AKP i hemmelighet å infiltrere de norske FN–styrkene.

Dette viser at general Sverre Hamre hadde rett. Hans hovudargument for å gå mot utspelet til justisminister Valle om ein ny overvakingsinstruks i 1977 var nettopp at AKP (m-l) kunne infiltrere forsvaret for å drive ulovleg aktivitet. I Libanon skjedde det under dekke av å vere del av ein FN–styrke som sjølvsagt skulle vere absolutt nøytral.

Det var ein person i leiinga i AKP (m-l) som hadde som oppgåve å kommunisere med soldatane i Libanon og vidareformidle deira opplysningar til AKP (m-l)s palestinske samarbeidspartnarar. Finn Sjue som er utdanna psykolog, fekk ei erstatning på 80 000 kroner for å ha blitt ulovleg overvaka. Han er ofte brukt av NRK som ekspertkommentator på ulovleg overvaking, etterretning og spionasje og fortel i programmet at han i fleire år var instruktør på møta før soldatane drog til Libanon og at han deltok i debrifinga når dei kom tilbake etter endt teneste.

Frykt for sovjetisk invasjon

Midt på 1970-talet var sentralkomiteen i AKP (ml) sikker på at ein tredje verdskrig kunne bryte ut når som helst. Ein sette derfor i verk fleire tiltak for å sikre at partiet kunne overleve ein sovjetisk okkupasjon.

”Flere medlemmer ble bedt om å gå under jorda slik at de kunne fortsette partiarbeidet og organisasjonens motstandskamp. Disse måtte kutte alle bånd. Ingen skulle vite at de var medlemmer av partiet.” (Brennpunkt)

Nokre av tiltaka partiet sette i verk for å førebu seg på ein sovjetisk okkupasjon, viser kor sekterisk og paranoid AKP (m-l) etter kvart blei. Men enkelte tiltak var ikkje berre paranoide. Dei var også klart ulovlege. Det blei mellom anna gitt ordre om å bryte seg inn i hjå enkelte medlemer av partiet som var mistenkete for ”høgreavvik”. I Brennpunkt er innbrotet hjå Kjell Bygstad nemnt spesielt, og tidlegare redaktør i Journalisten, Helge Øgrim, fortel korleis det skjedde.

AKP (m-l)s frykt for den komande verdskrigen gjorde også at partiet i detalj planla korleis ein skulle arbeide illegalt når okkupasjonen var eit faktum. At partiet i løynd klarte å plassere sine folk i departement, direktorat og andre ofentlege institusjonar er gamalt nytt. Det nye er at Finn Sjue omtaler denne aktiviteten: I en så kriseprega situasjon som en invasjon og okkupasjon ville være, så ville det være fornuftig å ha folk i både den ene og andre etaten. Og kva var vel da meir naturleg enn også å infiltrere politiet slik ein alt hadde infiltrert forsvaret? Noko AKP (m-l) lykkast med i den grad at ein klarte å etablere eit eige partilag ”ved et sentralt politikammeer på Østlandet”, slik Brennpunkt formulerer det. Finn Sjue er klar på korleis ein på sentralt hald i partiet heldt kontakt med det hemmelege AKP-laget: Det var en person som var utpekt til å jobbe med dette laget, og det var ledelsen i partiet som hadde bedt vedkommende om å gjøre det. Men dette var jo ganske touchy for å si det mildt. I følgje Brennpunkt heldt det hemmelege samarbeidet med politifolka fram i fleire år.

Sentralkomiteen i AKP (m-l) vedtok også at NKP og NKP-medlemer skulle overvakast fordi ein rekna med at dei ville vere farlege femtekolonistar når Sovjet-Unionen hadde okkupert Norge. Ein som var til stades på ein samankomst 2. juledag i 1976 på Bærums Værk der ein anonym sentralkomitemedlem instruerte lokale partifolk om korleis overvaking av NKP-medlemer skulle skje og korleis etterretningsrapportane skulle skrivast, gir detaljerte opplysningar i Brennpunkt om dette møtet.

Organisert mobbing i regi av AKP (m-l)

Den styggaste mobbesaka i norsk arbeidsliv etter krigen var det også AKP (ml) som stod bak. I 1976 blei det sett i gang ein ulovleg streik ved gartneriet Norsk Champignon på Skjetten utanfor Oslo. Men ikkje alle tilesette var interesserte i å delta i den ulovlege streiken. Ein av dei, Aage Granerud, blei kalla både Judas og streikbrytar. Han blei skyteskive for ein intensiv hatkampanje både i form av demonstrasjonar, musikkinnslag, løpesetlar, plakatar og artikkel på artikkel i Klassekampen med sterkt negative personkarakteristikkar. Det heile toppa seg ei natt i oktober da ei aksjonsgruppe frå AKP (ml) som kom i fleire leigebilar, slo til mot huset der Aage Granerud og foreldra låg og sov. Mobben raserte huset. Alle vindauge og dører blei knuste med store steinar før dei revolusjonære stormtroppane drog seg tilbake. At aksjonen var godkjend på høgste hald i partiet, er grundig dokumentert i Brennpunkt.

Dreiv grupper i AKP (m-l) med våpentrening? 

AKP (m-l) var som eit revolusjonært parti sjølvsagt positivt innstilt til ”væpna revolusjon”. Men var dette berre snakk og ideologisk tankespinn, eller var det grupper i partiet som hadde våpen og dreiv med våpentrening? I 2005 ga Hans Petter Sjøli ut boka Mao min Mao der han hevda at AKP (m-l) dreiv med våpentrening og overvaka politiske motstandarar. Påstandar som blei sterkt imøtegått av tidlegare AKP-toppar. Ein av dei som gjekk hardt ut mot Sjøli den gong, var Tron Øgrim.

I Klassekampen 2. juni 2015 blei ein nyskriven biografi om Øgrim, ført i pennen av Bo Brekke, presentert: Bo Brekke forteller at han har fått bekreftet at det i visse miljøer eksisterte en våpenromantisering og sirkulerte våpen. Det var folk i bevegelsen som hadde våpen, og Øgrim var sterkt imot dette. Det at enkelte satt på våpen, kunne være med på å kriminalisere hele partiet, mente han.

Til dette seier Sjøli som også blei intevjua, at Øgrim var meir sentral i utforminga av AKPs kontoversielle forsvarspolitikk enn Brekke framstiller det som. ”- Det var Øgrims kongstanke å bygge opp et hemmelig apparat, og i disse miljøene foregikk det våpentrening.”  Kva som er sant eller usant, er uråd for ein utanforståande å avgjere. Men eit spørmål det er naturleg å stille, er kvifor Lund-kommisjonen meiner det var kritikkverdig av POT å gå AKP (m-l) nærare etter i saumane på generell basis når det var mistanke om at ein ”i enkelte miljø” i partiet hadde våpen og dreiv med våpentrening i tillegg til at det er dokumentert at ein infiltrerte forsvaret og politiet, dreiv ulovleg overvaking av norske borgarar og var villig til å nytte fysisk terror mot meiningsmotstandarar som i tilfellet Aage Granerud ?

 

ANNONSE
Liker du det du leser? Vipps noen kroner til Document på 13629