Nytt

Som innvandrings- og integreringsminister har Sylvi Listhaug gått i bresjen for regjeringa sine forslag til endringar i asylpolitikken. Det har vore ein uriaspost som kunne knekt den sterkaste, for etter at forslaga vart sendt til høyring, har journalistar i alle medieredaksjonar gjort det dei kan for å «ta» henne . Dei har hatt god støtte frå fleire humanitære organisasjonar, folk i akademiske posisjonar og mange opposisjonspolitikarar.

Medietrykket er enormt. På Google kjem det opp ein halv million treff på namnet hennar. Få av dei handlar om sak. Det store fleirtal av oppslaga gjeld kritikk av og harselering med henne personleg. I april var ho i Hellas, der ho på vegne av regjeringa og oss alle gav 30 millionar ekstra til arbeidet for flyktningar, inkludert 10 millionar til Redningsselskapet, slik at skøyta Peter Henry von Koss kunne halde fram med å berge folk frå drukningsdøden i Egeerhavet. Det første vart nemnt på Hegnar.no, det siste i «Agder. Flekkefjord tidende». Kva var så hovudsaka for dei fleste andre aviser og fjernsynsredaksjonane? Jau, at ho følgde oppmodinga frå mannskapet på redningsskøyta om å hoppe på sjøen i overlevingsdrakt for å få oppleve korleis det er å bli teken om bord att ved hjelp av mob-båten. Men så nøytralt og sakleg vart det sjølvsagt ikkje framstilt. I staden gjorde kommentatorane seg lystig over henne og kalla det heile eit PR-stunt. Er det ikkje fjernsyn og avisene som står for mobbinga, så kolporterer dei iallfall ivrig kva kjendisar frå media og politikk har kommentert, alternativt skrive på Twitter for å vise kor slagferdige dei kan vere på hennar kostnad. NRK har jamvel sleppt til ein doktorgradsstipendiat i medievitskap med ei Ytring om denne «viktige» saka. Så viseleg disponerer dei lisenspengane våre. Frå før var det også oppretta ei internettside med krav om at Listhaug må avsetjast, ikkje noko mindre, der nær 12000 har signert.

Men noko av kritikken mot Listhaug og innstrammingsforslaga har likevel gått på sak, sjølv om kritikarane ikkje alltid har vore like saklege. Og her har jammen sjølve rektor ved Universitetet i Oslo, Ole Petter Ottersen, først på bloggen sin, seinare også på Ytring, nrk.no,  skulda Listhaug og Frp for med vitande og vilje å misbruke forskinga til støtte for eigen politikk. Når ein så prominent person serverer dette som fakta og sanning, tek andre kritikken for god fisk. Sist ute var Are Brean, sjefredaktør i Tidsskrift for Dnlf, som før helga skreiv ein leiar om misbruk av forsking med tittelen «Fulle folk og gatelykter«, som eg såg meg nøydd til å kommentere (bruk siste lekkje; sjå under artikkelen).

På fleire debattfora har argumentet vore at sjølv om FrP har 16% oppslutning, så er 84% av befolkninga motstandarar av partiet sin asylpolitikk. Men i dag har dei fått svar på tiltale frå fleirtalet av folket, og Listhaug har fått si oppreising. Nokre få timar i formiddag, før redaksjonen fjerna oppslaget, kunne vi lese på NRK-tekst-tv at 38% meinte FrP hadde fått passande gjennomslag i regjeringa for sin innvandringspolitikk og 15% syntest partiet hadde fått for lite å seie på dette området. Det var Dagbladet som hadde gjennomført ei meiningsmåling om dette, publisert på nett i går kveld (men vanskeleg å finne att i dag, om ein ikkje visste kva ein skulle søkje på). Opinionsmålinga viser at 52% av befolkninga vil ha ein like streng eller strengare asylpolitikk enn sjølv forslaga som no ligg føre frå regjeringa.