afghanske.mindreårige

I leiarartikkelen «Fulle folk og gatelykter» i siste nummer av Tidsskrift for Dnlf seier sjefredaktør Are Brean mykje sant og rett om forsking og bruk av forskingsresultat generelt, m.a. dette:

«Forskningsresultater er i sin natur sjelden nøytrale. De påvirkes av valg av metodikk, forskerens forutinntatte meninger, valg av analysemetode og forskerens tolkning av funnene, bare for å nevne noe.»

Men utgangspunktet hans er ei konkret sak frå aktuell norsk politikk. Han meiner innvandringsminister Listhaug i beste fall har mistolka og derfor misbrukt to rapportar om einslege, mindreårige asylsøkjarar (EMA) til støtte for sine forslag om asylinnstrammingar.

Som dokumentasjon viser Brean til ein artikkel i Aftenposten, der forskingssjef Anne Britt Djuve i FAFO og psykologiprofessor Tine K. Jensen ved UiO hevdar ho ikkje har fagleg dekning for å gjere dette, og ei krass ytring på nrk.no, der Ole Petter Ottersen, rektor ved UiO, spør om vi ser «Et mønster i (regjeringens) misbruk av forsking«.

ANNONSE

Brean legg difor til grunn at Listhaug har misbrukt forskinga, slik fulle folk brukar lyktestolpar til støtte og ikkje til opplysing, jamfør overskrifta på leiaren hans. Listhaug hadde m.a. vist til ein FAFO-rapport frå 2014, og han kommenterer: «Problemet var at det ikke hadde kommet noen FAFO-rapport om dette i 2014».

Men han visste godt at ho berre forveksla publiseringsåra for rapportane frå FAFO og Psykologisk institutt, og då er problemet om lag like lite som når han sjølv feilaktig skriv at Ottersens artikkel stod på trykk i Aftenposten.

Stridens kjerne er kven som bestemmer at einslege, mindreårige asylsøkjarar (EMA) skal reise heimanfrå, og om ungdommane føler press for å sende pengar til familien. Viss Listhaug har feilinformert om dette, har også regjeringa Solberg gjort det. I Prop. 90 L Endringer i Utlendingsloven, lagt fram 5. april 2016, står det slik på side 66:

«Forskning underbygger at i de aller fleste tilfeller hvor barn blir sendt alene på flukt, skjer dette etter beslutninger i barnets familie eller storfamilie.»

I Stortingsproposisjonen blir det på side 66 vist til FAFO-rapporten «Underveis. En studie av enslige mindreårige asylsøkere» frå 2010, der Cecilie Øien skriv m.a. dette på side 87:

«Majoriteten av ungdommene jeg intervjuet beskriver at det var foreldre, besteforeldre, eldre søsken eller en onkel som hadde tatt avgjørelsen om at de skulle dra.. En del av ungdommene har vært delaktige i beslutningen, og noen få har også tatt avgjørelsen selv på grunn av ytterst vanskelige forhold i familien eller dem de bodde hos. Resten beskrev at de i større eller mindre grad hadde hatt innvirkning på avgjørelsen. Alle ungdommene har brukt agenter og smuglere under deler av reisen eller gjennom hele prosessen.»

På same side blir også referert til intervju stipendiat ved Psykologisk institutt, UiO, Guro Brokke Omland, hadde gjort med 30 mindreårige asylsøkjarar. Funna hennar er omtalt i Apollon 5/2015 og i Aftenposten. Ho fann at dei stod i eit krysspress mellom norske krav om å satse på skulen og eigne og familiens krav om å sende pengar heim.

Om forskingsleiarane ved FAFO og Psykologisk institutt meiner dette skal oppfattast annleis enn slik det faktisk står, så finst det også andre kjelder å byggje på. Den beste og mest informative rapporten om EMA frå Afghanistan, der dei fleste kjem frå, vart lagt fram av UNICEF i 2010: «Children on the Move«. Der står det m.a. slik i oppsummeringa:

«Children on the move to western countries do not come from the poorest families. Families must raise between US$ 7,000 and US$ 20,000 to send their child to a western country; Children have a large debt to repay after arrival in the destination country. In absence of father, uncle makes decision that child will go to a western country. In many cases it is the maternal uncle. In most cases, child participates in decision and is in agreement. Child is not aware or accepting of dangers prior to journey.»

Sjølv i den grad det her er snakk om samtykke, er det ikkje eit informert samtykke, for barna og ungdommane er slett ikkje klar over risikoen. Ein kan også spørje kor mykje unge, vestlege intervjuarar veit om maktforhold i ein patriarkalsk, autoritær kultur. I tillegg forstår sjølvsagt ungdommane kva svar som best støttar opp om asylsøknaden og gjev størst sjanse for varig opphald.

Kravet om å sende pengar heim, er også eit hovudpoeng i artikkelen til Tormod Strand og Helge Carlsen på nrk.no frå november i fjor. Der seier seksjonssjef Line Schei Mogenstad i UDI det slik:

«For at et barn skal klare å komme seg til Europa med de midlene som kreves, så må man ha støtte fra en storfamilie. Vi går ut fra at det er foreldrene som står bak.»

Verken samfunnsforskarar eller mediefolk plar røyste på FrP. Samfunnsvitarane synest stundom å vere så redde for å gje partiet eit poeng, spesielt i møte med media, at dei fornektar eigne funn.

Litteratur:

  1. Brean A. Fulle folk og gatelykter. Tidsskriftet 7/14. http://tidsskriftet.no/article/3473079/
  2. Prop. 90 L (2015-2015). Endringer i Utlendingsloven mv. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-90-l-20152016/id2481758/
  3. Øien C. Underveis. En studie av enslige, mindreårige asylsøkere. FAFO-rapport 2010:20. http://www.fafo.no/index.php/nb/zoo-publikasjoner/fafo-rapporter/item/underveis
  1. Smaadal C. Mindreårige asylsøkere strever med å få aksept for sitt ønske om å hjelpe                  Aftenposten 14.11.2015. Søkbar lekkje.
  2. Boland K. Children on the Move. UNICEF February 2010. http://www.unicef.org/infobycountry/files/Book_children_on_the_move.pdf
  3. Carlsen H og Strand T. Unge afghanere lever på bønner og pasta for å sende penger hjem. Aftenposten 25.11.2015. Søkbar lekkje.
  4. Runde PS. Dagsnytt atten og SSB prøver påstandar frå PEGIDA. Verdidebatt 15.01.2015. http://www.verdidebatt.no/debatt/cat1/subcat6/thread11552114/#post_11552114
ANNONSE
Liker du det du leser? Vipps noen kroner til Document på 13629