Forunderleg kor avhengige dei gode menneska er av Anders Behring Breivik, no også som argument for å sleppa dempa redsla for islam og å opna bygda for nye immigrantar.

Jondal kommune (ca 1000 innbyggjarar) i Hordaland ventar dei to første flyktningane om kort tid, og fleire kjem seinare. Kommunen har halde ope møte for å fortelja om det som ventar.

– Media er fulle av historier om terroristar og om IS, og teiknar gjerne eit bilete av muslimar som svært farlege, sa flyktningekoordinator Trine Vik ifølgje lokalavisa Hordaland Folkeblad.

– Slik er det ikkje i verkelegheita. Mi beste veninne er muslim, og ein skal vakta seg for å tru at muslimar er så annleis enn oss. Sjølv om ekstremisme får mest merksemd i media, er ekstremistane berre ein liten del av alle muslimar. Ekstremisme finst innan alle religionar. Hugs at Anders Behring Breivik kalla seg kristen, sa Vik.

ANNONSE

Underforstått oppfører både kristne og muslimar seg stort sett pynteleg Så me kan sova trygt om natta med tanke på kor ekstremt få dei muslimske ekstremistane er? I Europa brukar ekstremt få ekstremistar  bomber og automatrifler berre av og til, og garantert langt frå oss. Utjevna på eit heilt år blir det mindre (?) enn ein død pr. dag. Talet på trafikkdøde i Europa er jo langt høgare.

I følgje rådmannen, på same møtet, skal Jondal ta i mot 30 flyktningar dei neste tre åra. Kommunen ønskjer folkeauke. Ein stor del av flyktningane er unge, og representerer ein ressurs og ei moglegheit. Tilskot frå staten gjer det gunstig for kommunen å ta imot flyktningar, sa rådmannen.

Det er påfallande kor ofte Breivik brukande når ting skal ufarleggjerast, og kor isolert ein snakkar om lokale fordeler ved den nye immigrasjonen. På eit lite folkemøte er det ikkje tid til totalrekneskapet.

ANNONSE
Liker du det du leser? Vipps noen kroner til Document på 13629