Gjesteskribent

Kvar einaste gong blodige terroraksjonar er utført av islamistar,no seinast i Paris, er det alltid ein muslim eller to – eller ein politikar eller to – som uttalar til næraste avis: «Å nei, dette har ingenting med islam å gjøre». Då melder det seg nokre spørsmål:

  • Anten me ser grufull krig, skyting, terror, drap og halshogging av jødar, kristne og andre «vantrue», har det visst ikkje noko med islam å gjera?
  • Når muslimar (shia vs. sunni) tek livet av kvarandre i tusental på grunn av ulik religionstolking, har det ikkje noko med utlegging av Profeten og islamsk lære å gjera?
  • Når ein studerer den islamske imperialismen gjennom snart 1400 år, har ikkje erobringskrigane og dei medfølgjande herjingane noko med Profetens liv og føredøme å gjera? (jf. Medina-perioden mellom år 622 og 632).
  • Om så islamistiske kampgrupper opprettar nye islamske kalifat i Irak og Syria, eller i Libya og Nigeria, der kamphandlingane blir grunngitt med absolutt vilje til å fremje islamsk fundamentalisme, religiøs reinleik og atterføding av den islamske sivilisasjonens gloriøse fortid, så har det ikkje noko med islam som religion å gjera?
  • Når daglege, valdelege aksjonar går føre seg i Asia og Afrika under konstante rop om «Allahu akbar», har det ikkje noko med Allah å gjera?
  • «Muhammed skal hemnast», uttalte drapsmannen i Paris etter massakaren i Charles Hebdo, men drapsgjerningane hadde likevel ikkje noko med Muhammed å gjera?
  • Islam er i ei særstilling blant verdsreligionane ved å ha ein hærførar og ein krigens mann som religionsstiftar, – er ikkje det eit faktum?

Difor blir sluttspørsmålet: Meiner våre media, våre korps av journalistar og folkevalde – på fullt alvor – at islam ikkje lenger har noko med islam å gjera?

Hallgrim Berg