Korleis grunngjev relativt sentrale teologar i norsk kyrkje- og kulturliv sitt liberale syn på asyl- og innvandringspolitikk? Eg var valt tre representantar fordi eg har lagt merke til synspunkta deira. Det er Tor Singsaas, biskop i Nidaros, vårt gamle erkebiskopsete, Jon Magne Lund, kommentarredaktør i Vårt Land og leiar i Oslo redaktørforening, og Eskil Skjeldal, doktorgradsstipendiat ved Menighetsfakultetet og litteraturkritikar i Vårt Land og nynorskavisa Dag og Tid. På grunnlag av noko dei har skrive vil eg vurdere om situasjonsbeskrivinga, resonnementet og bibeltolkinga deira er rimeleg. Alle tre er flinke, tale- og skriveføre, saklege og kunnskapsrike, og nokså representative for dei kyrkjesamfunna dei høyrer til: Singsaas sjølvsagt i Den norske kyrkja, Lund i Den evangelisk lutherske frikyrkja, medan Skjeldal konverterte til katolisismen i 2011. Sjølv om teologisk ståstad er noko forskjellig, har dei konkludert ganske likt, ikkje berre om behandling av «framande», men også om kor opne grensene våre bør vere.

Situasjonsbeskriving

Singsaas skreiv for fleire år sidan (VL 16. nov. 2009) at «flyktninger og innvandrere søker opphold i Norge fordi tilstandene i deres eget land er blitt fullstendig umulig.. Ingen drar frivillig hjemmefra. Når så skjer, er det fordi at det er blitt så uutholdelig og farlig å være der». Lund har i nettleiarane siste tida sagt omlag det same: «Afghanistan er et farlig sted å være» (29. jan). «Ja, det trengs massiv innsats i land langs Middelhavet og flere andre steder for å stabilisere situasjoner som gjør forholdene ulevelige for hundretusener, for ikke å si millioner» (22. april). Begge to beskriv situasjonen i opphavslanda som så ille at ingen kan bu der, men det strir mot det faktum at det store fleirtal faktisk blir verande. Sjølvsagt kan livet somme stader vere svært vanskeleg, men sjølv krig og uår tek eingong ende.

 

Korleis tolkar dei bibelske tekster?

Singsaas brukar juleevangeliet normativt: «Fortellingen om Jesu Kristi komme julenatt, hvor det ikke var rom for ham, og om ‘den hellige familie’ som snart etter var på flukt for å redde livet, er et sterkt tegn på at flyktningen og innvandreren tilhører ‘Guds kjæreste venner’. Disse fortellingene er gitt oss for å ta på alvor utfordringen til å gi rom for den husløse og den som er på flukt. Og ikke noe menneske skal holdes utenfor denne omsorg.» Skal ein ta dette bokstaveleg, bryt det både med klassisk teologi og sunn fornuft. Inkarnasjonsunderet, at Gud vart menneske, vert her redusert til moraliserande forteljingar. Og eksemplet med husrom for 2-3 personar ei avgrensa tid skal forplikte oss til å gje opphald for tallause millionar i all framtid.

ANNONSE

Eskil Skjeldal er ikkje snauare. I artikkelen «Kristendom som samfunnskritikk» i boka «Gud er tilbake!» (frekk forlag 2013), skriv han: «Din neste er alle mennesker. Ansvaret har ingen grenser.. vi skal elske alle.» Det bibelske belegg for slikt grenseoverskridande og omfattande ansvar finn han heilt attende i 3. Mosebok kap. 19, v. 34-35: «Når ein innflyttar bur i landet hos dykk, skal de ikkje gjera urett mot han. Innflyttaren som bur hos dykk, skal vera som ein av dykkar eigne landsmenn. Du skal elska han som deg sjølv. For de har sjølve vore innflyttarar i Egypt.» At det i min gamle bibel står «framand» i staden for innflyttar, får så vere. Men dette er eigentleg eit krav om gjestfridom som finst i alle kulturar. I boka «Revolusjonen i Europa» har Caldwell skrive tre sider om «Gjestfrihetens forpliktelse», der det m.a. står: «Gjestfriheten er ment å beskytte reisende på fiendtlig territorium, ikke å la store grupper av besøkende, som også kan omfatte fiender, snyltere og opportunister, ta over… En gjest som blir værende, blir en inntrenger.»

Saksbehandling a la Singsaas og eit grenslaust verdssamfunn

Singsaas synest også å ha ei sær oppfatning av korleis asylsøknader skal fremjast og behandlast: «Når menneskeskjebner blir gjort til ‘saker’, stilles de grunnleggende verdier for den enkelte og for samfunnet på en stor utfordring. Det er først når vi møtes ansikt til ansikt at vi kan forstå hverandre helt. Derfor fordrer myndighetenes behandling av flyktninger og innvandrere store ressurser for at vi skal kunne møte den enkelte med den respekt, verdighet og rettferdighet som er i overensstemmelse med vårt kristne og humanistiske verdigrunnlag.» I eit intervju i Vårt Land 11. august i fjor sa UDI-direktør Forfang dette om saksbehandlinga: «Det er vanskelig å se at vi som land kan bruke mer ressurser på hver asylsak enn vi gjør i dag. Norge er i det sjiktet som bruker mest.»

Singsaas sluttar seg også til det Jan Egeland, den gong direktør i NUPI, no generalsekretær i Flyktninghjelpa, skal ha sagt: «Europa har bygget en ny Berlin-mur, nå lagt rundt hele Europa..Vi har vært svært opptatt av å bygge broer innad i denne verdensdelen, og det har vært viktig og avgjørende for å skape et nytt demokratisk Europa. Nå utfordres vi enda mer til å bygge broer mot Afrika og Asia. Det gjøres ved å vise barmhjertighet og gi rom for flyktninger og innvandrere.» No bygde ikkje Sovjet/DDR Berlin-muren for å halde flyktningar ute, men for å stengje sine eigne borgarar inne. Og påstanden om at det toppstyrte EU er demokratisk, er like feil. Til overmål er det her ikkje eingong snakk om eit Eurabia, men eit grensefritt Afro-Eurasia. Med andre ord rein utopi.

 

Kvit flukt er «ukritisk sjølvkjærleik»

Skjeldal, som sjølv bur i Skien, har meiningar om korleis nordmenn på Søndre Nordstrand og i Groruddalen bør oppføre seg: «Tenk om en kritisk etikk kunne anvendes i den gradvise delingen av Oslo, der hvite flytter ut av områder som blir dominert av innvandrere? Dette skjer ikke fordi noen er slemme, men det reflekterer en mentalitet der et norsk «vi» anser det fremmede «de» for å være truende for sin identitet. Holdningen bryter med den kristne tankegangen om likeverd på tvers av alle skillelinjer. Dette er også et kollektivt eksempel på ukritisk selvkjærlighet. Vi elsker oss selv (vi), mer enn de andre (de). Grenser trekkes opp på bakgrunn av forskjellig kultur, religion og etnisitet, der kristendommen løfter frem at det ikke finnes noen grenser mellom mennesker.» Kanskje er Skjeldal for intellektuell til å forstå at folk flyttar ikkje frå innvandrardominerte område fordi dei kjenner sin identitet trua, men kanskje fordi barna deira blir trua, eventuelt berre blir sette utanfor eller i det minste opplever det slik. Ser ein på gifte- og flyttemønsteret er dei fleste innvandrarar endå meir fylt av «ukritisk selvkjærlighet».

 

Frelse/fortaping eller fornuftsspørsmål

Som kommentarredaktør har vel Lund eit visst ansvar også for leiarane i Vårt Land, spesielt når dei kjem inn på teologiske spørsmål. I tiggardebatten i fjor vart denne kunstige dikotomien publisert på leiarplass 14. april: «I et kristenkulturelt samfunn er vi forpliktet til å se vår neste som et menneske, ikke som et problem.» Dette er ikkje logisk, for den eine synsmåten ekskluderer ikkje den andre. Men skulle vi greie å stire oss halvblinde på mennesket, forsvinn ikkje problemet denne personen eventuelt representerer, av den grunn. I argumentasjonen mot tiggarforbod tyr likevel leiarskribenten til tyngre skyts: «Det kan være nyttig nå i påsketiden å lese historien om Lasarus ved den rikes bord. Den rike fikk ikke øye på tiggeren, det gikk riktig ille.» I Bibelen finn vi likninga i Luk. 16. 19-31, her sitert t.o.m. v. 23: «Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og prakt dag etter dag. Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utanfor porten hans, full av verkjesår. Han ønskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet til rikmannen. Hundane kom endåtil og slikka såra hans. Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd. Då han slo opp auga i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus tett inntil han.»

Tiggarforbod eller ei må vel vere eit spørsmål som høyrer til det verdslege regiment, i følgje luthersk teologi. Det kan ikkje her vere snakk om frelse eller fortaping, men eit spørsmål fornufta må få avgjere. Slik er det også med asyl- og innvandringspolitikken. Både kyrkjelege og verdslege moralistar bør difor halde sine ideale fordringar for seg sjølv.

 

 

 

Også publisert på verdidebatt.no.

ANNONSE
Liker du det du leser? Vipps noen kroner til Document på 13629