Gjesteskribent

«Hva er islamisme?» spør Mohammad Usman Rana i Aftenposten. Han skriv: «Diskusjonen om hva begrepets innhold er, og hvem som kan klassifiseres som islamister, er i praksis totalt fraværende i Norge, også i akademia.»

Det er ikkje heilt korrekt. I alle fall har underteikna i boka Demokrati eller islamisme – Europa under islam? i år introdusert ei liste med definisjonar av dei mange orda som er «nye» i Noreg: islamisme, islamist, islamifisering, militant islam, radikal islam, islamistisk ekstremisme, indre og ytre jihad, jihadisme osv. Men då Usman Rana opplever å ikkje få napp, er det bl.a. fordi Aftenposten og Dagsavisen ikkje vil ta inn utfordrande artiklar om emnet. Dei legg på loket.

Ein islamist er ein person som aktivt arbeider for islams framgang og utbreiing, – slik ein kommunist arbeider for kommunismens framgang, eller ein sosialist arbeider for sosialismens framgang.

Islamisme er religiøs offensiv aksjonisme, det ein talar om når det vert utført islamistiske aktivitetar for å fremja islam. Utan islam, ingen islamisme og ingen jihadisme.

Det følgjer logisk at islamistar, på same vis som tilhengarar av andre totalitære ideologiar (nazisme, fascisme, kommunisme), kan representere heile skalaen frå relativt passiv tilstand til fulltids aktivistisk verksemd.

I norske avisredaksjonar har det vore ein tendens til at omgrepet «islamist» berre vert nytta når det er tale om aksjonar som er utførte av militante og valdelege muslimar, dvs. ekstremistar.

Men ein islamist treng slett ikkje vera ekstrem. Han er i sin fulle rett til å kunne støtte og fremja islam på stillferdig og fredsamt vis, slik dei fleste muslimar gjer. Dei tyr ikkje til trugsmål, våpenbruk eller terror. Med andre ord: Det er styrken og intensiteten i den religiøse aktivismen som bestemmer om du er ekstrem eller ekstremistisk.

Difor: Ordparet ekstrem og ekstremisme bør avgrensast til dei som brukar vald og våpen for å nå sine mål. Såleis: Politisk islam eller radikal islam refererer til dei sidene ved islam som handlar om politisk makt og maktvilje. Militant islam eller islamistisk ekstremisme blir det først tale om når tilhengarar tyr til våpen og valdsbruk for å fremja islam.

Når muslimar av alle slag ofte blir påklistra dei same merkelappane, trass i at dei har vidt forskjellige syn på verda, på religionens plass i livet og i det politiske landskapet, kan ein forstå at mange blir frustrerte.

Ein må difor seia seg samd med Mohammad Usman Rana når han tek til orde for eit klarare presisjonsnivå i ideologiske debattar som handlar om islam, islamistar og islamisme, inklusive jihad og jihadisme.

Men han bør ikkje få støtte for ideen om å ta omdiskuterte ord ut av språket, til dømes «islamist». Utan klare omgrep blir debatten endå meir diffus. Islamifiseringa av Europa bør ikkje tåkeleggjast ytterlegare.

Hallgrim Berg

forfattar og kulturist

 

Saken har stått på trykk i Dag og Tid

Les også

-
-
-
-
-

Les også