Kort

Tunisiske jenter reiser til Syria for å tilby seksuelle tjenester til de religiøse krigerne. Det kalles seksuell jihad. Virksomheten har fått et omfang som gjør at myndighetene griper inn.

 

Innanriksminister Lofti Bi Jeddo seier at 86 personar er arresterte for å ha etablert nettverk for å sende unge tunisiske ungdomar til Syria for å delta i jihad eller heilag krig. Jentene si oppgåve er å vere seksuelt tilgjengelege for opprørssoldatane, melder Al Arabiyah .
– Kvar av dei tunisiske jentene blir brukte av mellom 20,30 og 100 opprørarar, og dei kjem tilbake med fruktene av denne seksuelle kontakten. Vi kan ikkje berre sitje roleg å sjå på dette, sa Bin Jeddo i ein tale til nasjonalforsamlinga torsdag.
Han sa ikkje kor mange tunisiske jenter som har reist til Syria for å delta i denne forma for heilag krig, men tunisiske massemedium seier at det er snakk om fleire hundre.

Regjeringa har møtt sterk kritikk frå menneskerettsgrupper fordi 6000 unge jihadistar av begge kjønn har blitt nekta å reise til Syria sidan mars i år. Bin Jeddo brukte eksempelet om seksuell jihad for å slå tilbake mot desse menneskerettsgruppene.

Man sperrer øynene opp når man leser at menneskerettsgrupper kjemper for retten til jihad.

 

http://www.nrk.no/verden/jenter-driv-seksuell-jihad-i-syria-1.11253803