Avisene har vore fulle av reportasjar og rykte om det som skjedde i Algeries ørken, der islamistisk gerilja har vore i blodig aksjon mot vestlege arbeidsfolk i Statoil og BP sine anlegg i ørkenen. Målet: å drepe flest mogleg, eller bruke dei som gislar. Ennå veit vi ikkje kor mange som vart drepne og kor mange som er tatt som gislar. Dette geografisk fjerne drama skræmer fordi nordmenn er blant moglege offer. Omtrent samtidig gjengir Nina Hjerpset-Østlie i Document eit avisintervju med imamen i Oslos største moske. Her klagar han forsiktig over at jødar står bak kritikk av muslimar i Norge. Vagt kjem det fram at han meiner jødar styrer media hos oss. Forsiktig! I Norge er muslimane ennå ein liten minoritet. Ein må ikkje provosere. Men det er det han gjer. Imamens ord om jødar som står bak påstått mediekritikk av muslimar i Norge verkar for nordmenn vel så fjernt som islamistanes rop i ørkenen.
Islamistane blir jaga av algeriske soldatar. Før eller seinare blir dei ramma av same lagnad som gislane dei tok livet av. Men korleis jaga tankar om jødisk konspirasjon ut av hovudet på norske imamar? Det gjeld ikkje berre imamar, og ikkje berre i Norge. I Midtausten trur eit fleirtal muslimar at jødar står bak alt vondt, som Hitler og hans folk trudde i si tid. Millionar av uskuldige jødar over heile Europa vart deira offer.
I Antony Beevors mektige verk ”The second World War”, med sine enorme tap av menneskeliv og med all sin råskap, særleg på austfronten, stansar forfattaren som i opprør framfor Babij Jar, i skildringa av dei vel 31 000 jødar som på to dagar på markene her i utkanten av Kiev vart slått i hel eller skotne ned i september 1941 av SS-soldatar og lokal milits.
To år seinare måtte den tyske arme trekka seg tilbake frå Ukraina. Historias blad hadde snudd. Då oppdaga ein nidkjær SS-soldat ein gammal jøde som hadde klart å halde seg skjult i to år etter masakren. Den tyske arme i det ukrainske området var i den største fåre for å bli omringa. I ein normal arme skulle ein tru alt ville dreie seg om å berge titusenvis av soldatar. Men ingen tysk arme på austfronten var normal. Hitlers ordre om å utslette jødar under felttoget hadde gjennomsyra både generalar og soldatar. Då den stakkars gamle mannen vart funnen, førte dei han til Babij Jar. Der drap dei han. Men først måtte han grave si eiga grav.
Babij Jar blir blant anna hugsa fordi her skjedde den første store massakren på jødar under 2. verdskrig.
Det er langt frå Babij Jar til Oslo i år 2013, der ein norsk imam forsiktig seier til ein journalist at jødar står bak den påståtte kritikken i media av muslimar i Norge. Imamen representerer tusenvis, kanskje titusenvis, av muslimar i Norge. Felles for omtrent alle er at dei er komne hit som asylsøkarar frå muslimske land der jødehat blir innpoda i skolen og i massemedia. I 30 år har Norge importert tusenvis av menneske med dette jødehatet.
I Aftenposten laurdag heiter det i ein større artikkel om eit æresrelatert drap i England at æresrelatert vald og undertrykking skjer ”hver eneste dag i Oslo”. Avisa trykker ei liste på ti moglege æresdrap i Norge! Også dette er som henta frå ei anna tid. Æresdrap hugsar vi som slekstfeider i ein tusen år gamal valdsepoke på Island, meisterleg skildra blant anna i Njåls saga og hjå Snorre.
Tusen år gamal valds- og drapskultur er nå dukka opp att i Norge — skjult bak slør og bortforklaringar! Tusenvis av nye landsmenn kjem årleg til oss med skikkar og haldningar som nordmenn la frå seg i vikingtida.
Styresmaktene tenkjer seg eit framtidig multikulturelt Norge. Eit fleirtal av muslimane kunne kanskje trenge å få eit nytt verdssyn først, der ikkje alle krigar og alle kriser og anna vondt er jødane sitt verk. Det kan ikkje bli ein sunn multikultur her i landet med denne gifta i hovudet til tusenvis av muslimar i Norge.