Sakset/Fra hofta

Det har lenge vore kjent at koptisk kristne både før, under og etter revolusjonen i Egypt har vore utsette for diskriminering, drap, kyrkjebrannar og tvangskonvertering til islam. Det er også kjent at politiet ofte har late vere å gripe inn. I NRK Dagsrevyen har vi sett eksempel på stygge overgrep, der politiet til dels har stått på pøbelens side. Ikkje uventa har titusentals koptarar flykta frå Egypt, landet dei budde seks hundre år før det vart herteke av arabiske styrkar. Dei kristne koptarane høyrer til dei eldste kyrkjelydane i verda, grunnlagt det første århundret etter Kristus. Fram til det siste var om lag ti prosent av Egypts folketal koptisk kristne.

Ikkje det minste rart eller galt at ei gruppe koptiske emigrantar i USA har fått hjelp til å lage ein film som ein reaksjon på forfølgjinga av koptisk kristne i sitt heimland. Dei som laga filmen var ikkje profesjonelle. Då demonstrasjonane kom, med vald, brenning og drap, fordømde statsmenn og media verda over filmen. – Ein ufyseleg film, sa utanriksminister Hilary Clinton om den.

Kanskje var det ingen dyktige og seriøse filmfolk i USA som våga å gå ut med ein kritikk av sider ved islam? Ingen i Europa vågar. Mordet på Theo van Gogh i november 2004 har verka slik mordaren ønskte. Van Gogh sin film Submission var om korleis mange kvinner lever i muslimske land.

Men koptarane i USA, tagde ikkje. Diskrimineringa av deira trusbrør i Egypt har halde fram.

Menneskerettane er blitt brotne på det grovaste. Verda reagerte ikkje på det. Egypt greip ikkje inn mot det. Det sekulære Europa let det passere. Den kristne kyrkja ropte ikkje ut sin protest.

Ikkje uventa at filmen, som få av oss har sett, har element i seg av raseri, eller at den er grov. Men det er uheldig at verken president Obama eller hans utanriksminister, eller nokon annan kommentator rundt om i verda har sagt noko om det som er bakgrunn og årsak til filmen. Om valden i EGYPT, den som utløyste den antimuslimske filmen.

Mange har fordømt filmen i håp om å dempe raseriet i Kairo og etterkvart i den muslimske verda. Det lukkast ikkje. Dei bles heller til elden. Filmen har nå etter kvart vekt verda og fått mange til å tenkje. Somme av oss minnest ei tid, nå halvt i gløymeland, vår eiga og Europas nære historie.

Som ung i 30-åra og soldat etterpå hugsar eg ei rørsle i Europa som truga dei svake, først jødane og andre minoritetar, så nasjonane rundt seg. Kan hugse at det utvikla seg ein politikk i Europa, på engelsk kalla appeasement, som på eine område etter det andre tilpassa seg den rasande herren i Berlin. Dette lokka den stadig rasande og alltid krenka mannen til å gå lenger og lenger. Resten av historia er historiepensum, og bør vere pliktlesnad for politikarar og media i vårt eige og i alle land.

Storbritannia var i 30-åra sett på som frie folks viktigaste vern. Landet vart derfor skyteskive for nazistar, kommunistar, og mange, mange andre. Nå har USA overtatt Storbritannias rolle — også som skyteskive.

Det var den britiske statsministeren, Neville Chamberlain, som så sterkt ønskte fred at han er blitt ståande som hovudtalsmannen for appeasment-politikken den gongen.

Ennå må ein tru at president Obama og rådgjevarane hans vil sjå at den filmen dei har tatt slik avstand frå, ikkje er det sentrale i denne saka. Koptarane sin situasjon er dramatisk og gripande, men det som verkeleg står på spel er større: At brann og drap blir brukt for å kvele ytringsfridomen i verda. Dersom muslimske land og muslimske emigrantar i vesten nå forstår at den let seg ikkje rokke, ikkje denne gongen heller og ikkje i framtida, har den koptiske amatørfilmen – trass i tap av liv og eigedom hatt ein historisk misjon.

 

Refusert av Aftenposten.