Nytt

I Utdanningsforbundets blad Utdanning står det den 16.desember en svært interessant kronikk. Den går langt i å anklage norsk skole for å drive sensur og propaganda.

Kronikken tar utgangspunkt i et par diskusjoner forfatteren, Tore Kvæven, har hatt. Den ene diskusjonen var om slaveri. Det å opplyse om at også muslimene bedrev omfattende slavehandel blir avvist. Dette bryter med det tankesettet vi er oppdratt i, og det møtes med vantro. For det er jo hvite mennesker fra Europa som er den store syndebukken når det gjelder slaveri. Det var jo det vi lærte på skolen.  Kvæven viser oss at sensur og propaganda eksisterer i norsk skole.

Ein annan debatt eg kom borti fylgde liknande linjer. Her var imidlertid temaet slaveri, og mine meiningsmotstanderar var etnisk norske. Min påstand at muslimane i mellomalderen dreiv med kvitt slaveri og at dei faktisk henta fleire kvite slavar frå Europa (i overkant av 1 million) enn antalet afrikanske slavar frakta til USA (i underkant av ein million) vart møtt med vantru. Heller ikkje påstanden at muslimane sin slavehandel frå Afrika til Asia var større enn den totale europeeiske slavehandelen frå Afrika til Amerika vart akseptert. Slike opplysningar var så grunnleggande på kollisjonskurs med det mine norske vener kjente til, at dei var uvillige til å tru på dei. Som palestinaren. Og som hans meiningar sannsynlegvis er eit resultat av propaganda i hans samfunn og skulevesen, mistenker eg at mange nordmenns kunnskapar er eit resultat av politisk tilpassa tankegods frå norsk skule og norsk samfunn.

Den muslimske tilstedeværelsen i middelalderens Europa omtales med positive ord i skolens lærebøker. Middelalderens muslimskdominerte Spania fremstilles nærmest som en idyll.

Eit anna døme: Som lærar for 6.- 7. klasse i samfunnsfag underviste eg sist skuleår om middelalderen i Europa. Eit av kapitla i nevnte lærebok omhandlar muslimane si kolonisering av Spania og Portugal, år 711 til 1492. I boka blir perioden framstilt som eit stort framsteg for områda og som ei svært god hending. Alt som blir skildra har positiv undertone. Enkelte korte sitat frå læreboka:

”effektive vatningssystem”, ”nye fruktar og grønnsaker”, ”kunnskapen om korleis dei praktfulle silkestoffa kunne lagast”, ”den flotte arabarhesten”, ”både dei kristne og jødane…. fekk dyrka religionen sin i fred”, ”god kontakt mellom dei kristne, jødane og muslimane”, ”mange som gjekk over til islam”, ”i byen (Cordoba) var det strålande palass med hagar og fontenar, moskear og offentlege bad”, ”om natta var byen opplyst av lykter”, ”lærelystne frå både Europa og det arabiske riket”, ”i Andalucia var det vanleg at innbyggjarane kunne lese og skrive.

Det stilles ingen spørsmål om deres tilstedeværelse hadde noen negative sider. Mye tyder på at de negative sidene var omfattende. Kvæven bemerker:

Nå var neppe den muslimske erobringa og koloniseringa av Spania og Portugal verre enn gjennomsnittet av koloniseringar gjennom historia. Men det er heller ikkje sikkert ho var betre. Enkelte av overgrepa muslimane her stod bak var følgande:

-Sultan abd Allah av Granada beskriv i sine krønikar korleis muslimane i år 1066 drap kvar jøde i Granada. 3.000 – 4000 jødar vart massakrerte.

-I Cordoba frå 1010 til 1013 vart eit stort antal jødar drepne av muslimane under leiaren Suleiman. Dei overlevande vart jaga frå byen. Det er mogeleg at dei endelege drapstala var fleire tusen.

-I åra 1130 – 1232 utførte dei muslimske Almohadane folkemordliknande overgrep mot både jødisk og kristen befolking i Spania og nord-Afrika. I byen Tlemcen vart alle jødar som ikkje omvendte seg til islam drepne. I Fez og Marrakesh vart muligens så mange som totalt 220 000 jødar og kristne drepne i denne perioden. I Sevilla, Cordoba, Jaen og Almeria, alle i Spania, fall alle jødiske samfunn offer for folkemord. Familiar som omvendte seg til islam for å unngå å drepast, fekk barna tekne frå seg for omplassering.

-Jødar og kristne vart pålagde høgare skattar og hadde innskrenka rettighetar i det juridiske systemet. Det er korrekt at dei fleste kristne og jødar under okkupasjonen omvendte seg til islam. Men grunnane var av langt mindre nobel karakter enn skuleboka insinuerar.

-Det er rapportert at ennå i tredje generasjon etter omvendelse til islam vart ”muslimar” av jødisk opphav utsette for overgrep og rasisme.

Men like fullt blir altså denne islamske erobringa framstilt som noko utelukkande positivt. Ofra for overgrepa synest sensurerte bort.

Kvæven nevner flere tankevekkende forhold når det gjelder hva norske elever lærer om overgrep mot etnisiteter, og hva de ikke lærer.

Ein elev som går ut av den norske grunnskulen kjenner til Ku Klux Klan og dei talrike morda organisasjonen utførte mot svarte i USA (drapsmennene var kvite), men den same eleven kjenner ikkje til dei minst like bestialske og ennå meir talrike morda på kvite boer-farmerar, inkludert kvinner og barn, i Sør-Afrika etter at demokratiet vart innført i landet. Kvite boer-farmerar har i dag verdas høgaste mord-risiko og lever under tilstandar som liknar folkemord med ei drapsrate fire gonger så høg som for den gjennomsnittelege sør-afrikanar. (Drapsmennene er svarte.)

Likeså vil ein elev etter endt grunnskule kjenna til at Noreg faktisk var involvert i slavehandelen frå Afrika til Amerika (under dansk styre). Men ikkje at mellom 3.000 – 4.000 nordmenn vart tekne som slavar av muslimane i Nord-Afrika mellom år 1600 og 1800, og at dei langt fleste av desse døydde eller vart drepne som slavar, jfr. Torbjørn Ødegaard ”Nordiske slaver – afrikanske herrer.”

Eleven kjenner til apartheid og dei kvite sin rasisme mot dei svarte i Sør-Afrika, men ikkje forholda dei koptisk kristne lever under i dagens Egypt.

Han kjenner spanjolane si nedslakting av indianerar i sør- og mellom-Amerika, men veit lite om tyrkerane sitt folkemord mot armenerane på byrjinga av 1900-talet.

Artikkelen avsluttes med klar tale til de som stilltiende er med på denne undervisningen uten å flagge kritikk.

Nå kan eg sjølvsagt ta feil, men eg vil anta at mange som les dette, og som deler det norske skulesystemet sitt verdisyn og som har det same politiske grunnsynet som har forma den norske skulen, stilltiande er innforstått med at den propanganda og sensur eg her har peika på ligg som eit usynleg slør over delar av det stoff elevane får seg presenterte innan faga som her er nevnte. Likevel er det svært få som er kritiske. Tvert imot. Dei meiner stilltiande at denne sensur og propaganda er i ”det godes tjeneste” og difor bør fortsetja. Er det ikkje nettopp det alle propaganda-apparat i verdshistoria har meint?

Undervisningsministeren venter også en henvendelse i nærmeste fremtid.

Er ikkje dette propaganda? (For øvrig eit spørsmål eg skal senda vår undervisningsminister.)

http://www.utdanningsnytt.no/4/Meny-A/Meninger/Innspill/Sensur-og-propaganda-i-norsk-skule/