Kommentar

Det har lenge vore kjent at koptisk kristne i Egypt både før, under og etter revolusjonen i Egypt har vore utsette for diskriminering, drap, kyrkjebrannar og tvangskonvertering til islam.  Det er også kjent at politiet ofte har late vere å gripe inn.  I Dagsrevyen har vi sett eksempel på stygge overgrep, der politiet jamvel har stått på pøbelens side.  Ikkje uventa at titusentals koptarar har flykta frå Egypt,  landet dei  budde i mange hundre år før det vart herteke av arabiske styrkar. Dei kristne koptarane høyrer til dei eldste kyrkjelydane i verda, grunnlagd  det første århundre etter Kristus. Fram til det siste var ca. ti prosent av Egypts folketal koptisk kristne.

Ikkje det minste rart eller galt at nokre koptiske emigrantar i USA har fått hjelp til å lage ein film om forfylgjinga  som mange koptisk kristne har opplevd. For overgrepa har halde fram, menneskerettane er blitt brotne på det grovaste. Egypts styresmakter har ikkje vist vilje og kraft til å stanse dei.

Ikkje underleg at filmen som få av oss har sett, har element i seg av raseri, og at den er grov i omtalen av islams grunnleggar. Men korkje president Obama eller hans utanriksminister har sagt noko om det som er bakgrunn og årsak til filmen. Dei har berre på det sterkaste fordømt den i håp om å dempe raseriet i Kairo og etterkvart i den muslimske verda. Det lukkast ikkje. Det kan sjå ut til at dei har blese til elden.

Den som var ung i 30-åra kan tydeleg hugse der var ei rørsle i Europa som truga dei svake, først jødane, så dei små folka rundt seg. Vi kan hugse at det utvikla seg ein politikk blant dei truga folk, på engelsk kalla appeasement, som på eine område etter det andre tilpassa seg den rasande herren i Berlin. Dette freista den stadig rasande og alltid krenka mannen til å gå lenger og lenger. Resten av historia er nå historiepensum, og lat oss vone obligatorisk for topp- politikarar og presse i alle land.

Storbritannia var i 30-åra frie folks hovudforsvarar. Det vart derfor skyteskive for nazistar, kommunistar, og mange, mange andre i alle land. Nå har USA overtatt Storbritannias rolle  – også som skyteskive.

Det var den britiske statsministeren, Neville Chamberlain, som så sterkt ønskte fred at han er blitt ståande som hovudtalsmannen for den såkalla appeasment-politikken.

Ennå må ein tru at president Obama og rådgjevarane hans vil sjå at den filmen dei tar slik avstand frå – og som visstnok er elendig – ikkje er det sentrale i denne saka, men at koptarane i Egypt blir diskriminerte, ofte forfølgde, at ein del er drepne, at kanskje hundretusentals koptarar alt har flykta frå landet. Dette må  Obama –  og FN,  først og fremst, – be den muslimske presidenten Mursi ordne opp i. Greier Mursi det, blir det ingen grunn for koptarar i USA til å vekke Obama, Mursi og resten av verda om dei kristnes kår både i Egypt og elles i Midtausten.

Les også

-
-
-
-
-