Feature

Hamsun kom til å rokke ved ein særeigen norsk myte om Den Store Diktaren, som hadde utvikla seg på historisk grunn parallelt med bygginga av den moderne norske nasjonen. Wergeland og Bjørnson var med og skapte biletet av Diktaren som herold for norsk sjølvstende og norsk nasjonal eigenart; og ved Bjørnsons død gjekk Knut Hamsun meir eller mindre heilhjarta inn i nett denne rolla. At han så ettertrykkeleg svikta når det mest galdt, var kanskje med på å gi myten ein brest alle såkalla gode nordmenn måtte oppleve som eit åtak på sjølve samfunnets kulturelle identitet. I denne bresten kom det til syne eit langt meir urovekkande bilete av kunstnaren i konflikt med samfunnet, som det har vore vanskeleg å forholde seg til.

Atle Kittang

Hamsun og nazismen