I 2007 skal Oslos jødiske museum åpnes, i det som engang var en synagoge i Calmeyers gate 15 B. Uniforum, de UiO-ansattes avis, har intervjuet styreleder Sidsel Levin og historiker Marta Gjernes om Oslo-jødenes historie.
På Olaf Ryes plass var det ein pratebenk med jødiske menn som gav plassen eit lite jiddisch innslag. Elles var det berre første generasjon som snakka jiddisch. Heile andre generasjon brukte norsk og blei oppmoda til å bruka det. Også i synagoga brukte medlemane av trussamfunnet norsk. Dersom dei skreiv brev til trussamfunnet på jiddisch, kunne dei bli bedne om å skriva på norsk neste gong, har Marta Gjernes oppdaga. Derimot var det ikkje godtatt å gifta seg utanfor det jødiske samfunnet.
– Det var tabu, men likevel har eg funne fram til nokre jødiske menn som gifta seg med norske kvinner. Men dei blei ikkje inkluderte i det jødiske samfunnet i same grad som dei andre. Derimot var det meir vanleg blant andre generasjon jødar å gifta seg med etniske nordmenn enn å gifta seg med nyleg innvandra jødar, slår Marta Gjernes fast.