22 ordførere i Innlandet, alle fra Senterpartiet, har skrevet under på et brev sendt til partileder og finansminister Trygve Slagsvold Vedum og til Senterpartiets landbruksminister, Sandra Borch. De ber om hastetiltak for å redde norsk landbruk.

Brevet ble først publisert på Landbruk24, og gjengis i sin helhet her:

LANDBRUKSKRISE

Våre gardbrukarar har som følge av historisk kostnadsauke fått store problem inna fleire område. Dei fleste dreier seg om økonomi og manglande inntektsvekst. Fleire har utfordringar med betalinga og mange hadde allereie utsett store rekningar til produksjonstilskottet kom. Dermed har ein ikkje likviditet att utover våren. Vi har høyrt historiar om gardbrukarar som faktisk ikkje lengre orkar å opne brev der ein undrast på om konvolutten inneheld ein faktura eller purringar. Vi veit at mange er deprimerte og har alvorlege psykiske problem, og i verste fall fryktar vi for at enkelte har det så vanskeleg at det går på helsa laus.

Det som tidlegare har vore ei stolt næring er no på tur til å forsvinne. Fleire reduserar, eller har ikkje råd til innkjøp av gjødsel. Gjødselprisen har steget frå 3 til 11 kroner pr. kilo, det er ein auke på fleire hundre prosent! At gardbrukaren ikkje har råd til gjødselet vil medføre store konsekvensar for avlingane, på både kort og lang sikt.  Straumprisane har eksplodert og storparten må betale tre gonger meir for straumen enn det som har vore normalt. Med det kostnadsnivået vi no ser, er det mange bønder som vurderar å ikkje produsere mat til neste år. Vi les dagleg om gardbrukarar som har meldt inn dyr til tidleg slakting. Det går fort å slakte ned, men det tek åresvis å byggja opp att ei besetning. Det er ei storskala-krise i næringen som korkje kan, eller skal underkommuniserast.

For å sikre norsk matproduksjon må regjeringa ta hastegrep for å berge landbruket. Det hastar med strakstiltak og det må koma kompensasjonsordningar utanom jordbruksoppgjeret. Bonden har ikkje tid eller råd til å vente på jordbruksoppgjeret som vert utbetalt fyrst til neste år. Det er heller ikkje tida for å sette i gang med lange utgreiingar. Gardbrukaren må få kompensasjon for høge gjødsel-, diesel- og straumprisar no. Det er ei fallitterklæring at mange kommunar no gjev økonomisk støtte frå dei kommunale budsjetta.

Regjeringa må vera tydelege og vi må få ein handfast garanti for at landbruksoppgjeret skal tette inntektsgapet. Dette må kommuniserast ut til gardbrukaren før forhandlingane startar. Vi er bekymra for korleis vi skal klare å rekruttere til næringa når gardbrukaren ikkje har økonomi til å hengje på den formidable kostnadsgaloppen. Jordbruket i distrikta må styrkast betrakteleg. I tillegg har vi både ein pandemi og ein krig, som påverkar landet vårt, og som gjer at  vi må få opp sjølvforsyningsgraden. Landbruket er heilt avhengig av eit betydeleg økonomisk lyft i år for å kunne produsere. Vi støttar opp om ein slik forventning.

 

Sp-ordførarar i Innlandet:

 

Edel Kveen, Skjåk                                                      Mariann Skotte, Lesja

Bjarne Eiolf Holø, Lom                                             Linda Mæhlum Robøle, Etnedal

Mona Murud, Alvdal                                                 Anette Musdalslien, Gausdal

Odd Erik Holden, Øystre Slidre                              Ola Tore Dokken, Nordre Land

Haldor Ødegård, Vestre Slidre                                Kari Heggelund, Åsnes

Torvild Sveen, Gjøvik                                                Eldri Siem, Sel

Marte Larsen Tønseth, Løten                                  Marit Hougsrud, Sør-Aurdal

Bror Helgestad, Østre Toten                                    Merete Myhre Moen, Tynset

Even Moen, Stor-Elvdal                                            Ole Tvete Muriteigen, Sør-Fron

Jon Halvor Midtmageli, Øyer                                  Line Storsnes, Engerdal

Knut Arne Fjelltun, Nord-Aurdal                           Erik Sletten, Trysil

Polen og Sverige med krisetiltak

Bransjeorganet Norsk Landbruk rapporterer at Polen er det første landet som iverksetter krisetiltak for landbruket, godkjent av EU. Polske bønder får nær åtte milliarder kroner i kompensasjon for økte gjødselpriser.

Polen har fått grønt lys fra EU til å kompensere landbruket med 836 millioner Euro, eller rundt 8 milliarder norske kroner, for økte gjødselpriser. Det skriver irske Farmers Journal. (Norsk Landbruk)

Tidligere denne måneden bevilget svenske myndigheter 100 millioner kroner i ekstraordinær støtte for å avhjelpe bøndenes utgifter til diesel.

700 millioner Svenske kroner av den opprinnelige krisepakka er allerede øremerka kompensasjon for bøndenes økte drivstoffkostnader. De ytterligere, 100 millioner kronene, skal gå til å senke dieselavgiftene enda mer. Dette ifølge det svenske landbruksbladet, ATL. (Norsk Landbruk)

Sp-ordførere i Innlandet varsler om landbrukskrise

Polske bønder får støtte til gjødsling

Legger 100 millioner ekstra på bordet

 

Kjøp «Den ulykkelige identiteten» av Alain Finkielkraut fra Document Forlag her.

Kjøp bokpakke med «Hypermoral» og «Politisk kitsch» av Alexander Grau her!

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.