Nytt

Illustrasjonsfoto

For tingretten i Kleve står no fem muslimske menn tiltala for to svært brutale valdtekter, ifølgje Bild Zeitung.

Overgrepa fann stad i februar og mars, og åstaden og framgangsmåten var identisk – kvinnene (20 og 22 år gamle) har blitt neddopa med knockout-dråpar på eit diskotek i gamlebyen i Düsseldorf, og deretter tatt med til ei leiligheit i nærleiken.

24 til 29 år
Sidan gjerningsmennene sjølve har filma dei horrible handlingane sine, sit påtalemyndigheitene med sikre kort på handa. Kvinnene var ved bevisstheit, men klarte ikkje forsvare seg.

Penetrert med vodkaflaske og kosteskaft
Overgrepa hende med berre fjorten dagars mellomrom, og særleg den andre valdtekta var grufull. Her framgår det av filminga at «akta» varte i heile fem timar, og at den unge kvinna også vart penetrert med ei vodkaflaske og eit kosteskaft – i tillegg til at ho fekk ein pistol pressa inn i munnen. I mellomtida forlysta dei fem mennene seg med dei begge på grotesk vis.

Lid av erindringssvikt
Ikkje unaturleg slit kvinnene med å hugse detaljar frå overgrepa. Heldigvis er vår menneskelege psyke slik konstruert at vi er i stand til å fortrenge traumer. Uansett er desse kvinnene merka for livet, og har truleg fått sitt framtidige sexliv øydelagt.

Samnytt har også kommentert saka i dag:
«Endast den ena tilltalade, Nidal El-Z som är 29 år gammal, ville kommentera åtalet. Studenten anklagas för att ha deltagit i det andra fallet: ”Jag insåg inte att något hade hänt mot kvinnans vilja. Annars skulle jag ha ingripit.”
Han filmade också tortyren med vodkaflaskan.
– Det var ett misstag. Jag vill be om ursäkt för det, sade han.»

Forhåndsbestill Halvor Foslis nye bok til spesialpris her!