Nytt

 Brandenburg, Schwarzheide: Michael Kretschmer (CDU, l), Prime Minister of Saxony, and Dietmar Woidke (SPD), Prime Minister of Brandenburg, discuss the development of jobs in the region at BASF’s Kulturhaus before the 15th Lausitz Conference of the German Trade Union Confederation (DGB) begins. Photo: Robert Michael/dpa-Zentralbild/dpa

Få dagar før landtingsvala i Brandenburg og Sachsen, har CDU gjort eit byks på målingane. Partiet ligg no på 30 prosent i oppslutning, ein auke på fire prosentpoeng sidan i juli. AfD taper to poeng, og scorar 24 prosent.

Valdag søndag 1. september
På oppdrag frå fjernsynskanalen ARD, foretok valinstituttet «Infratest dimap» ei undersøkjing i perioda 19. til 21- august; 1002 veljarar i begge dei føderale statane vart spurde – undersøkjinga er såleis representativ. Den såkalla feilprosenten ligg mellom 1,4 og 3,1 prosentpoeng.

Resultata i Sachsen
syner at Die Linke ligg best an med 16 prosent; eitt prosentpoeng opp sidan julimålinga. Deretter kjem Die Grünen med 11, som er eitt prosentpoeng mindre enn ved førre måling. SPD taper to prosentpoeng og landar no på sju prosent, medan FdP står på staden kvil med fem prosent av stemmene. Dette kan halde til representasjon i parlamentet, men berre med eit nødskrik. Partiet Freie Wähler (FW) vil derimot med berre fire prosent oppslutning, ikkje kome inn i parlamentet.

Problematisk regjeringsdanning
Resultata syner at ein allianse beståande av CDU, Die Grünen og SPD vil ha eit knapt fleirtal i Sachsen – noko som vert styrka av at 63 prosent av dei spurde sa seg nøgde/svært nøgde med statsminister Michael Kretschmer (CDU) si innsats. Dette er likevel tre prosentpoeng lågare enn i juli. Halvparten av dei oppringde meinte at regjeringa har gjort ein god jobb.

Dødt løp mellom SPD og AfD i
Brandenburg

I Brandenburg syner Infratest-undersøkjinga at både SPD og AfD får 22 prosent av stemmene. CDU oppnådde 18 prosent, Die Linke 15, Die Grünen 12. FDP (Freie Demokraten) vil – om denne målinga står seg – med fem prosent av stemmene, oppnå representasjon i parlamentet, medan FW med fire prosent oppslutning fell utanfor.

SPD gjekk med dette fram fire prosentpoeng, AfD sitt resultat var eitt prosentpoeng høgre enn i juli. I kontrast til dette, mista Die Grünen heile fem prosentpoeng av stemmene; CDU og Die Linke gjekk kvar fram eitt prosentpoeng. For FDP og FW var resultata uendra.

Spaning til siste slutt
51 prosent av respondentane sa seg nøgde med statsminister Dietmar Woidke (SPD) sin innsats i inneverande periode. 30 prosent ynskte eit framhald, medan heile 59 prosent ynskte at eit anna parti kom til makta.

CDU-utfordraren Ingo Senftleben oppnådde tillit hjå 23 prosent av dei spurde, for AfD sin leiarkandidat Andreas Kalbitz, svarte 15 prosent at dei var nøgde med arbeidet hans.
(Kjelde: Spiegel Online)